Inger-Gunn Sande

Seks fiskeriministrar til Helgeland

Til saman seks av fiskeriministrane gjennom tidene skal til Helgeland for å snakke om sine visjonar for framtida på kysten. -Her blir mykje kunnskap og erfaring samla på ein plass, men dei skal fokusere på framtida, seier Inger Gunn Sande i Torgar Næringshage til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Under Norsk Kystfestival i Brønnøysund i juni har arrangørane invitert alle norske fiskeriministrar frå 1973 og fram til i dag til å delta i debattmøte om framtida for kysten. Dei som stiller er Svein Ludvigsen, som no er Fylkesmann i Troms, Lars Peder Brekk, som er stortingsrepresentant og leiar for næringskomiteen på Stortinget, Bjarne Mørk Eidem som mellom anna er styreleiar for Norsk Havbrukssenter i Brønnøy, Otto Gregussen, som jobbar i Access Norway i Trondheim, og Peter Angelsen og Thor Listau, som begge er er pensjonistar. Norsk Kystfestival er etablert som eit årleg arrangement i Brønnøysund etter vellykka gjennomføring av Kystens dag. Brønnøy Næringsforum som er arrangør av debattmøtet under festivalen ønskjer å fokusere på kva som skal skje på kysten i framtida. Sentrale tema er kva havbruksnæringa vil bety, og kva som må gjerast for å møte utfordringane. -Å invitere alle fiskeriministrane gjennom tidene vart i utgangspunktet oppfatta som ein vill ide, men vi valde å prøve, og mange av dei har jo sagt ja til å komme å snakke om sine vyar og visjonar for framtida på kysten, seier Sande og legg til at dei tidlegare fiskeriministrane er veldig entusiastiske. -Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen var også invitert til debattmøtet, og ho syns ideen er veldig god, men kan ikkje stille. Det er veldig synd, men vi forstår at ho har det hektisk, seier Sande.