Risnes Marine Craft sine fartøy utrustast ved Rosendal Marinservice, som held til midt i Rosendal sentrum, omringa av dei mektige fjella Melderskin og Malmangernuten. Illustrasjonsfoto: RMC.

Sender ut båt etter båt

Risnes Marine Craft sender frå seg fleire båtar i året enn dei har tilsette. Fire nybygg er på beddingen inne i hallen til Rosendal Marineservice. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Skroga blir produserte i både Stettin og Gdansk, men dei blir utrusta og ferdigstilte i Skålafjæro i Rosendal ved Rosendal Marineservice. 

Risnes Marine Craft har i utgangspunktet éin tilsett, men det er ikkje til hinder for å selja mange båtar.

Ronald Hellenes er einaste tilsette i Risnes Marine Craft. Likevel har han fire nybygg på beddingen inne i hallen til Rosendal Marineservice. Klikk for større bilde. Foto: Håvard Sætrevik, Grenda lokalavis.

- Akkurat no har me fire båtar her i hallen til Rosendal Marineservice, som alle blir ferdigstilte. I tillegg er ein båt me tidlegare har selt inne på service, fortel Ronald Hellenes til Grenda lokalavis. (Abonnement sak) 

Les også: Økt oppdragsmengde for Rosendal Marineservice

Bygg nummer 214

Hellenes er i utgangspunktet den einaste tilsette i Risnes Marine Craft.

- Selskapet er ein del av eit konsern, så eg er ikkje heilt aleine om alt. Konsernet gjev meg god støtte, og så leiger me inn det som trengs av fagfolk alt etter kva som trengs. Eg jobbar til dømes mykje saman med industridesignar når me teiknar båtane, understrekar Hellenes.

Risnes Marine heldt til i Sagvåg på Stord, og byrja tidleg å produsera arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa. Selskapet vart kjøpt av Skarveland AS, og i 2008 vart Skarveland kjøpt av Bergen Group, og Risnes Marine følgde med på lasset. Selskapet er i dag eigd av Kapsel AS, som mellom anna er storeigar i Marine Construction, som lagar betongflåtar til oppdrettsnæringa.

Og det er oppdrettsnæringa som er kundemassen til Hellenes også. No om dagen er bygg nummer 214 under arbeid i Polen, ein 14,99 meter lang båt som skal leverast til Mowi (tidlegare Marine Harvest).

- Det er framleis røktarbåtar me lagar, smiler han.

Les også: Rosendal Marineservice starter første utrusting av havbruksfartøy

Lokalt utrusta

I januar 2017 kunne Hellenes smila saman med Svein Arne Sæberg og resten av dei tilsette i Rosendal Marineservice, då avtalen for utrusting av to Risnes Marine-skrog var i hamn. Dei båtane vart leverte i august same året. Sidan har det rulla inn med skrog, og segla ut ferdige røktarbåtar.

- Gjengen her i Skålafjæro treng to månader på å gjera ferdig éin båt. Det er ein underleverandør med flinke industrimekanikarar som me likar å bruka. Og så er det slik hos oss at me sjeldan skiftar underleverandørar når me har eit godt samarbeid. Faktisk har me framleis ein opsjon på å kjøpa oss inn i Rosendal Marineservice, noko me nok kjem til å nytta oss av, seier Hellenes.

Som det meste anna innan oppdrettsnæringa, er det også knallhard konkurranse om å levera røktarbåtar.

- Det var 12 aktørar i denne marknaden i 2011. No er det over det doble. Oppdrettarane ynskjer ofte å skreddarsy båtane til sine behov. Det er veldig kjekt å forma eit produkt i lag med ein kunde, meiner Hellenes.

Grønare

For tida vert det jobba mykje med å gjera oppdrettsbransjen grønare. For røktarbåtane betyr det batteriløysingar, hydrogenmotor eller hybridvariantar.

- Førebels har me ikkje selt nokon av dei. Dels skuldast det pris, dels skuldast det at ein ventar på at andre skal testa det ut. Men det kjem, lovar Hellenes.