I dag, 20. mai signerer fiskeriministeren lakseprotokollen med Kinas toll- og veterinærminister Ni Yuefeng.Foto: Fiskeridirektoratet.

Signerer sjømatavtaler med Kina

To sjømatavtaler blir signerte 20. mai. Signeringa skjer i samband med besøk frå Kinas veterinær- og tollminister.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Kina er ein av våre største vekstmarknader. Desse avtalane er viktige for norske sjømatbedrifter. Auken i sjømatkonsumet i Kina er større enn heile den årlege produksjonen i Noreg. Det seier litt om kor viktig dette landet er, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i en pressemelding.

I dag, 20.mai signerer fiskeriministeren lakseprotokollen med Kinas toll- og veterinærminister Ni Yuefeng. Avtalen blei første gong signert i Kina i 2017. Lakseprotokollen varer i to år, og bidrar til at handelen med laks blir meir føreseieleg.

Noreg og Kina er også blitt einige om ein avtale som skal medverke til å sikre marknadsåtgang i Kina for norsk fiskemjøl og  fiskeolje. Det er stor interesse for handel med slike varer, både hos norske og kinesiske aktørar. Protokollen blir signert av administrerende direktør Harald Gjein i Mattilsynet.