Rognkjeks påfyll på lokaliteten til Troland Lakseoppdrett i Horgefjorden. Foto: Troland Fiskeoppdrett.

Sjukdom trakk ned resultat for Austevoll-selskap

Familiebedrifta Troland Lakseoppdrett tener godt på sine to matfiskløyver, men pregast av biologiske utfordringar. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Troland Lakseoppdrett AS er basert i Austevoll kommune i Hordaland, og hadde ein omsetnad på cirka kr 259 millionar kroner i 2017, mot cirka kr 220 millionar førre år. Selskapet har hatt samlokalisering i rekneskapsåret og omsetnad knytt til dette har vore cirka 102 millionar kroner. Driftsresultatet var43,6 millionar, som er ein nedgong frå 57,7 millionar året før. 

Gode prisar berga resultat

Leiinga i selskapet opplyser til Kyst.no at dårleg biologi som følgje av PD og AGD har påverka produksjonen negativt, men gode lakseprisar har berga resultatet deira. 

Nøkkeltal for 2016 og 2017:

Årsaka til at dei har gått opp i omsetnad forklarer dei er grunna samlokaliseringa. Årsresultatet var 34 millionar mot 43,7 millionar kroner i 2016. Ved utgangen av 2017 hadde selskapet ein eigenkapital på kr 87,6 millionar kroner.

Satsar på reinsefisk

Selskapet har to løyver for matfisk, fordelt på tre anlegg: Torangskjeret, Drøna og Horgo.

I årsberetninga skriv styret at dei har sterkt fokus på gode resultat med biologisk avlusing med leppefisk og rognkjeks, samt kort responstid på gjennomføring av avlusing.

Troland Lakseoppdrett AS:

  • Er basert i Austevoll kommune i Hordaland, og vart stifta i 1979, men vart eitt AS i 1990.
  • Familiebedrifta har 4 faste tilsette og to lærlingar. I tillegg har dei helgevakter og deltidstilsette som er med etter behov.
  • Selskapet har to matfiskløyver for produksjon av laks og aure.
  • Styret er samansett av seks personar, fem menn og ei kvinne. Det er cirka 6 årsverk i selskapet, samt at det vert leigd inn arbeidskraft tilsvarande cirka 2 årsverk.
  • Det er tre tilsette med fast tiltreding, derav ei kvinne. De har også to lærlingar tilsett i selskapet.

Troland har også investert vesentlege midlar i utvikling av løysingar for skånsam mekanisk avlusning, og er medlem av «Lusalaus» og «PD-fri» som førebyggjer sjukdom og luseproblem.

I ein e-post frå selskapet til Kyst.no, fortel Toland-leiinga at  betre biologi er viktig for dei framover.

- Årets produksjon er ganske lik som i fjor, men fyrste halvår i år har vore dårleg, men me ser ei betring no.

Låge lusetal

Troland Lakseoppdrett sine lusetal er låge, og selskapet har god erfaring med bruk av reinsefisk. Dei har også foretatt betydelege investeringar i nytt produksjonsutstyr som dei reknar med å få glede av framover.

- Samstundes satsar me på å gje fisken enda betre plass, opplyser dei. 

Les også: Halvannet år uten lusebehandling med medikamenter - mye grunnet ett forebyggende tiltak

Her ser du et bilde av den nyeste betongflåten til selskapet som tilhører lokaliteten Drøno. Den ble overlevert til i september i fjor og produsert av Backe Bergen. Den er 27 meter lang,17 meter bred og har en nyttelast på 500 tonn. Foto: Troland Lakseoppdrett AS.

Selskapet bruker i størst mogleg grad lokale leverandørar og tar sin del av samfunnsansvaret i lokalmiljøet gjennom blant anna involvering i idrett,  strandryddedag og andre lokale initiativ, kjem det elles fram i årsberetninga.

«Aqua Terminal»

Selskapet har i tillegg til å ha sterkt fokus på biologisk avlusing, investert i innovative utviklingsprosjekt med mekanisk ikkje-medikamentell behandling som mål. Selskapet er og involvert i utviklingsprosjektet «Aqua Terminal», saman med dei to Austevoll-selskapa Austevoll Melaks og Langøylaks. 

Les også: Havkar AS søker 6 utviklingstillatelser

Havkar søkte 21. april 2017 om seks utviklingsløyver for ein periode på 7 år. Løyva skulle nyttast til utvikling av «Aqua Terminal» som skulle plasserast i Austevoll.

Fiskeridirektoratet har derimot avslått denne søknaden, og skriv i avslaget at det omsøkte prosjektet ikkje oppfyller vilkåret om «betydeleg innovasjon». Les meir om dette her.