Laks frå genbanken i Hardanger settes ut. Foto: Therese Soltveit.

Statsbudsjettet: Dropper byggjing av genbank for Hardangerlaksen

Grunngjevinga frå Regjeringa er at genbanken vert for kostnadskrevjande.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I Klima- og miljødepartementets budsjettforslag heiter det at "Nye anslag for den planlagde genbanken på Ims for truga og sårbare lakse- og sjøaurebestandar frå Hardangerfjorden visar ein kostnadsauke på over 50 pst. Regjeringa har på denne bakgrunnen bestemt å ikkje byggje genbanken."

I 2016-budsjettet ligg det inne 15 mill. kroner til å starte bygginga. Desse vil bli omdisponerte, og same beløp er teke ut av løyvinga for 2017.

Utover midlar til etablering av genbanken er det i 2017-budsjettet lagt inn midlar til innsamling av laksebestandane og driftsoppstart av genbanken. Desse aktivitetane vil bli trappa ned, og midlane vil bli omdisponerte.

Utover dette skriv dei at er det lagt inn 2 millioner kroner til evaluering av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Det er òg lagt inn 2 mill. kroner til reparasjon og oppgradering av genbankane på Haukvik og Herje.