Rømmingen på SalMar-lokaliteten gir et kraftig byks på rømningsstatistikken for 2020. Foto: SalMar

Over 11 000 fisk rømte frå SalMar-lokalitet

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Salmar Farming AS ved Smøla på Nordmøre frå November. Selskapet si oppteljing visar at om lag 11 500 fisk har rømt frå lokaliteten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Salmar Farming meldte 23. november om ei rømmingshending på lokaliteten Solværet i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Det var oppdaga eit relativt stort hol i ei av nøtene etter uvær.

Selskapet har denne veka ferdigstilt oppteljinga etter hendinga og konkluderer med at om lag 11 500 oppdrettslaks har rømt. Salmar har så langt gjenfanga 53 oppdrettslaks. Fisken som har rømt har ei snittvekt på 2,3 kilo.

Fiskeridirektoratet har fulgt opp med tilsyn hjå selskapet.

Færre enn i 2019

Statistikken til Fiskeridirektoratet viser at det så langt i år har rømt 20 036 oppdrettsfisk i Norge. Med denne rømminga frå SalMar vil talet stige betydeleg, men rømmingstala er fortsatt ikkje i nærleiken så ille som i 2019. 

Les også: Færre større rømminger i 2020

- Oppdrettere har i år så langt meldt inn færre større rømminger sammenlignet med i fjor, men det er for tidlig å konkludere før vi får på plass endelige tall, uttalte Monika Haugland i Fiskeridirektoratet tidlegare til Kyst.no.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen hadde nyleg møte med næringsorganisasjonene for å drøfte utfordringane med rømming og fiskevelferd i havbruksnæringa. Der sa han at rømming er ei av de viktigste miljøutfordringane for havbruksnæringa. 

Kjetil Hestad i Sjømatbedriftene sa under møtet at rømmingstallene i år er veldig lav, i forhold til kor mykje fisk som står i sjøen.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips

For å få eit bilete av omfang og korleis fisken spreier seg ønskjer vi at publikum melder inn tips om fangstar til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.