Marinolje. Foto: Foto: Helge Skodvin/NIFES.

Store skilnader i nivå av miljøgifter i marine oljer

Ei undersøking av uønskte stoff i marine oljer viser at det er store skilnader i nivåa i dei undersøkte oljene. Ei havmusolje og ei kvalolje hadde nivå over grenseverdiane. NIFES varsla Mattilsynet om desse overskridingane straks dei ble oppdaga.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

På oppdrag frå Mattilsynet undersøker NIFES kvart år innhaldet av uønskte stoff i ti ulike marine oljer som finst for sal som kosttilskot til menneske. I 2015 vart tre torskeleveroljer, tre lakseoljer, ei haileverolje, ei havmusolje, ei selolje og ei kvalolje undersøkte. Oljene vart analyserte for dioksin, dioksinliknande PCB, ikkje-dioksinliknande PCB, polybromerte flammehemmarar, i tillegg til grunnstoffa arsen, kadmium, kvikksølv, bly og selen. Det skriver NIFES i en pressemelding.

Stor variasjon i innhald

Resultata viste at det var stor variasjon i innhaldet av organiske miljøgifter i dei ulike marine oljene som vart undersøkte. To av oljene hadde svært høge konsentrasjonar av dioksin, dioksinliknande PCB og ikkje-dioksinliknande PCB. Den eine olja var framstilt frå djupvassfisken havmus, medan den andre var framstilt frå spekk av vågekval. Begge hadde nivå som låg langt over både Noreg og EU sine grenseverdiar.

NIFES varsla Mattilsynet om desse overskridingane straks dei ble oppdaga og Mattilsynet opplyser om at produkta vart trekte frå marknaden etter at Mattilsynet hadde åtvara mot desse to oljene.

Det er andre gong det vert påvist overskridingar av grenseverdiar for uønskte stoff i marine oljer i programmet «Miljøgifter i fisk og fiskevarer», som i perioden 2007-2015 har analysert totalt 114 prøver av kommersielle marine oljer til bruk for menneske. Første gong var i prøvar frå 2014, då det vart påvist overskridingar i to havmusoljer og ei haileverolje.

Kvalolje undersøkt for fyrste gong

Kvalolje har ikkje tidlegare vorte analysert i dette programmet. Resultata frå kvalolja som no vart undersøkt, viste at denne olja òg hadde eit uvanleg høgt innhald av bly, samanlikna med andre marine oljer, sjølv om konsentrasjonen ikkje oversteig grenseverdien for dette tungmetallet.

Ei selolje og ei torskeleverolje hadde høge konsentrasjonar av dioksin, dioksinliknande PCB og/eller ikkje-dioksinliknande PCB med verdiar nær, men ikkje over dei øvre grenseverdiane for lovleg omsetnad.

Resten av oljene som vart analyserte hadde, som tidlegare år, forholdsvis låge konsentrasjonar av miljøgifter. Nivåa i desse seks oljene låg til dels langt under grenseverdiane som gjeld for marine oljer og kosttilskot til humant konsum i EU og Noreg.