Stranda Prolog fekk overrekt miljøprisen

Under opninga av desembertinget i dag, vart Miljøprisen 2015 overrekt til Stranda Prolog AS. Averøy-verksemda får prisen for det store miljøprosjektet HeliXiR. – Dette er ein pris som betyr mykje for oss, sa dagleg leiar Klaus Hoseth til fylkestinget. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er regional. Og næringsutvalet i fylkeskommunen som tildeler prisen, og i sin tale til prisvinnarane, sa leiaren utvalet, Runar Vestheim mellom anna:

- Prisvinnaren har utmerka seg i miljøarbeid til toppkarakter. Stranda Prolog AS vart etablert av familiens Hoset i 1986 på Averøy, i ei tid då miljøtiltak ikkje var det ein først tenkte på. Dei har bygd opp ei kunnskaps- og kompetanseføretak med over 30 tilsette som framleis er i vekst. Dei har vore oppteken av å designe og levere løysingar til skiftande behov og utfordringar, som til dømes i havbruksnæringa, der eit av dei store problema er lakselus og medikamentell behandling. For å få bukt med desse utfordingane er det viktig at nokon utviklar løysingar for dei, ei slik løysing er HeliXiR, skriv Møre og Romsdal Fylkeskommune.

I utvalet si grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna:

- Stranda Prolog AS har gjennom det store miljøprosjektet HeliXiR freista å finne metodar for betre fiskevelferd, redusert eller betre medikamentbruk, og samtidig klart å betre produktkvalitet og reduserte produksjonskostnader. Dette er eit viktig bidrag til å løyse sentrale utfordringar i havbruksnæringa, som er svært viktig for Møre og Romsdal.

Prosessen skal redusere medikamentbruk med 90-98 prosent, samstundes med at både lus og kjemiske stoffar kan samlast opp for å gje ein stor miljøgevinst. Systemet filtrerer alt avløpsvatn og kan óg lukkast for å hindre all utslipp. Metoden optimaliserer effekten av aktuelle medikament gjennom laupande kontroll av konsentrasjonsnivå og fisken si opphaldstid i badet, skriv fylkeskommunen.

Resultatet skal vere ein rein fisk og minimal resistensoppbygging i lusepopulasjonen, samstundes som fiskevelferd blir ivareteke. Miljøutvalet meiner at verksemda klart oppfyller retningslinjene for miljøprisen og er eit godt døme på å oppnå ei berekraftig utvikling innan næringsutvikling.

Prisen består av eit diplom, eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner.