En av leppefiskene som skal i merdene for å spise lus. Illustrasjonsfoto: Therese Soltveit.

Sunnfjord Rensefisk AS solgt til SalMar-konsernet

Aksjonærane i SR har solgt samtlege aksjar i selskapet til SalMar-konsernet, kjem det fram i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Eigarane i Sunnfjord Rensefisk var K. Strømmen Lakseoppdrett AS, Sulefisk AS, Flokenes Fiskefarm  AS, Sandnes Fiskeoppdrett AS , Landøy Fiskefarm AS, E. Karstensen Fiskeoppdrett AS og Marø Havbruk AS, skriv Sunnfjord Rensefisk i ei pressemelding.

Det vart i 2014 inngått kontrakt mellom SR og Havlandet Marin Yngel AS (HMY) for ein periode på 3 ½ år.

- Det er som eit resultat av denne avtalen hausta verdifull kunnskap om oppdrett av berggylt og bruk av denne arten som rensefisk. Tiltaket som SR initierte,  vil komme norsk oppdrettsnæring til nytte i mange år framover og det har vore viktig for å oppretthalde eit kompetansemiljø på oppdrett av marin fisk i Florø, skriv selskapet.

Dei meldar at eit pionerprosjekt av denne karakter har gjerne ein lenger utviklingsfase og er meir ressurskrevande enn kva som er forventa ved oppstart. Ein har ikkje lukkast med å skalere opp produksjonen til det nivået som var målsett innanfor kontraktsperioden, og vidareutvikling av verksenda ville kravd investeringstiltak og ytterlegare finansiering i regi av SR. Aksjonærane i SR vurderte risikoen ved vidare satsing på oppdrett av berggylt som stor, og har av den grunn valt å avhende verksemda.

- SR er svært glade for at SalMar-konsernet vil vidareføre aktiviteten  med produksjon av rensefisk ved HMY. Ein håpar dette prosjektet vil lukkast i den grad at det sikrar arbeidsplassar, bidreg til nye investeringar og etter kvart gir tilgang på oppdretta berggylt også for dei selskapa som etablerte SR i 2014.