Ta blå utdanning, få jobb!

Norske sjømatbedrifter er svært tydelege på at ein treng meir kompetanse. Heile 40 prosent av selskapa seier dei har skrinlagt aktivitet, som følgje av mangelen, viser årets kompetansebarometer.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

HOs kompetansebarometer viser nok ein gong tydelege behov i sjømatbransjen. Det kjem fram i årets omfattande spørreundersøking i norske bedrifter.

– Når 40 prosent av bedriftene seier dei har lagt aktivitet på is fordi dei ikkje har kompetanse nok, seier det noko om det enorme potensialet sjømatbransjen har, seier ansvarleg for kompetanse og rekruttering i Sjømat Norge, Øyvind André Haram i ei pressemelding. 

Den landsomfattande spørreundersøkinga gjennomførast kvart år i regi av NHO og har i år fått svar frå heile 6409 bedrifter.

Ingeniør og yrkesfag

I barometeret som har stilt spørsmål til bedriftene sidan 2014, viser svara at Sjømat Norge sine medlemsbedrifter ligg heilt i tet i næringslivet, når det gjeld mangel på kompetanse.

  • 66 prosent av bedriftene seier dei stor eller noko grad har eit udekka kompetansebehov.
  • 68 prosent seier dei har behov for meir ingeniør og teknisk fagkompetanse
  • 45 prosent seier dei treng meir kompetanse innan handverksfag
  • 51 prosent seier dei treng fleire innan primærnæringsfaga

– Sjølv om tala ikkje er gode med tanke på skrinlagt aktivitet, ser vi av søkjartala til både yrkesutdanning og høgare utdanning at blå utdanning er populært. Det gjer meg optimistisk på lengre sikt, seier Haram.

Tal for høgare utdanning viser svært gode søkjartal før haustens inntak. Tala for yrkesfag viser ei auke i søknadane på heile 25 prosent.

Blått val

– Det er ingen tvil om at dersom vi skal få gjennomført det blå taktskifte Norge treng å gjennomføre, så treng ein å rette blikket mot meir kompetanse.

Sjømat Norges administrerande direktør, Geir Ove Ystmark, er svært tydeleg på at taktskifte i stor grad handlar om fleire arbeidsplassar og meir spisskompetanse.

– Barometeret viser at våre bedrifter treng både folk med doktorgrad og lågare utdanning. Ein vel med andre ord rett om ein tenkjer blå utdanning i framtida.

Lanseringen av NHOs Kompetansebarometer 2018 skjer 18. september, 08.30 – 10.30 på Thon Conferance i Oslo.