Gerhard Alsaker er svært opptatt av at ein ikkje må bli for tilfreds med resultata sine. Han tek ein prat med Kyst.no før han skal reise på ferie i nokre veker.Foto: Alsaker Fjordbruk.

Tente over ein halv milliard: - Eg blir aldri fornøgd

Gerhard Alsaker i Alsaker Fjordbruk fortel til Kyst.no at den dagen han blir fornøgd med resultatet til konsernet, då er det berre å legge opp.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på kroner 563 millionar i 2018. Med ein omsetnad på kr 1.657 millionar gir dette ein resultatmargin på 34 %.

Gerhard Alsaker, som er dagleg leiar i selskapet, er ikkje fornøgd. Han er av den oppfatningen at dersom man blir fornøgd og tilfreds, ja då har man tapt. 

- Eg kjenner ein del folk som har vært fornøgd, og alle dei har gått konkurs.

Høge kostnadar

I 2018 produserte konsernet i underkant av 33 000 tonn laks, mot 31 000 tonn året før.

Nøkkeltall for 2018 og 2017:

Produksjonsmessig har 2018 vore eit krevjande år for konsernet, men likevel eit år med framgang. Både produksjonsvolumet og slaktevolumet gjekk litt opp samanlikna med 2017.

Den frittalande tysnesingen fortel til Kyst.no at dei ikkje har vore plaga av lus i særleg grad i fjoråret, men han understrekar at det er kostbart å helde låge lusenivå ved like.

- Me er ikkje gode nok biologisk i forhold til det me kan være. Det er for mykje tonn som forsvinn under produksjonen, poengterer han.

Han meiner difor kostnadene er for høge i forhold til kva dei kunne ha vært for selskapet. Reslutatet kunne således ha vore enno betre.

- Eg trur det er eit anstendig resultat for bransjen, dersom ein samanliknar kva som blir levert i bransjen av selskap i samme storleik, men det burde vore mykje større.

Mista mykje fisk til algar

I tillegg fortel Alsaker at konsernet hadde ein del algeutfordringar sommaren 2018.

- I andre halvdel av juli og august så hadde me algeproblemar. Me har vel aldri mista så mykje fisk grunna alge som me gjorde i fjor sommar. 

Han er ikkje sikker på kva alge det var som skapte problem i fjor, men han konstanterar at det ikkje var snakk om algen som har herja i nord i år, nemleg Chrysochromulina leadbeateri.

- 2019 ser mindre dårlig ut, so får me sjå korleis det utviklar seg.

Nye investeringar

Alsaker fortel avslutningsvis at dei vil gjere fleire investeringar i konsernet i 2019, blant anna ein del opprusting av settefiskanlegg, samt fornying av utstyr i sjø.

Ved utgongen av 2018 var det 255 fast tilsette i konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.

I ein pressemelding om regnskapet påpeiker dei at den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein sterk etterspurnad også i 2018.

- Det globale tilbodet av atlantisk laks auka med ca 5% medan gjennomsnittleg eksportpris på laks frå Norge auka med 0,6% samanlikna med forrige år, konkluderer dei.