Konsernsjef Ola Braanaas. Foto: Firda Seafood.

Vil ikkje betale millionbot

Ola Braanaas nektar å betale ei bot på to millionar kroner for fiskerømming, melder NRK.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I mars 2012 rivna ei av nøtene ved eit av Firda Sjøfarmer sine anlegg og 123 000 aurar rømde. Politiet ila etter rømminga selskapet ei bot på to millionar kroner.

Som grunnlag for bota meiner politiet at dei tilsette unnlet å drifte selskapet på ein forsvarleg og miljømessig måte då rømminga skjedde.

Ifølgje NRK meinte aktor i Nordhordland tingrett tysdag, at rømminga skjedde fordi anlegget ikkje var drifta på skikkeleg måte.

Braanaas sin advokat, Svein Aage Valen, viste ifølgje kanalen til at nota 10 dagar før rømminga vart undersøkt grundig av ein dykkar. Dykkaren fann då ingen skader eller manglar ved nota som skulle tilseie at ho ville rivne. Valen viste vidare til at Firda Sjøfarmers interkontrollsystem fungerte som det skulle og at lovverket blei følgt, men ville ikkje svare vidare  på spørsmål frå NRK.

Det er sett av ytterlegare to dagar til saka i Nordhordaland tingrett.