Dagleg leiar Erlend Haugarvoll i Lingalaks. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Vil investere betydelege midlar i større smolt

Erlend Haugarvoll dagleg leiar i Lingalaks, fortel dei ynskjer å gjere betydelege investeringar i 2017, når det kjem til  eigenproduksjon av større smolt. Han oppsummerar 2016 som eit godt år, og håper å få innvilga søknaden om utviklingsløyver.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Erlend Haugarvoll dagleg leiar i Lingalaks, fortel at større smolt er det fyrste steget framover for selskapet. Laks på land i lukka anlegg, meinar han er eit stykke fram i tid.

- Me vil i 2017 fortsetje våre store investeringsplanar i større smolt og ein moderne båtpark, seier han vidare.

Selskapet har saman med Eide Fjordbruk store byggjeplanar på Ænes i Kvinnherad kommune, der dei ynskjer å oppretta eit settefiskanlegg. Prosjektet har dei kalla Ænes inkubator.

Lingalaks-leiaren ventar no spent på godkjenningane frå Norges vassdrags- og energidirektorat, og areal og reguleringsplanen.

- Me håpar å få eit svar innan neste halvår. Dersom me får godkjent begge, vil me starte bygginga etter klagefristen er gått ut. Dette er jo sjølvsagt med forbeholdt av at alt rullar etter planen, seier han. 

Les også: Stor interesse for settefisk-planar

Selskapet ynskjer også å redusera dei generelle kostnadane i 2017.

- Dette vil me gjera på lik linje som me har redusert luseutgiftene. Lingalaks har redusert lusekostnadane med ein tredjedel i 2016. Dei tilsette har gjort ein god jobb med forebygging av lus, seier han stolt.

Haugarvoll oppsummerar 2016 med å seie at det har vore viktig for dei å få god, funksjonell kapasitet på lusehandsaminga.

- Betydelege hendingar  i 2016 var å søkje om utviklingsløyver og få sertifisering av båtparken i henhald til nye forskrifter. Samt opprydding etter rømminga me hadde, fortel han til kyst.no.

Selskapet har i fjor investert i ein Thermolicer som skal få ned lusepresset på lokalitetane i Hardanger.

- Den har gjort jobben til no når det gjeld lusefjerning. Me har høg effektivitet og lav dødelegheit samanlikna med kva vi høyrer andre stadar, fortel han.

Phillips LED-lys på lokaliteten Saltkjelen. Foto: Lingalaks.

Lingalaks har også investert i rognkjeks, ein ny flåte og eit nytt anlegg på Saltkjelen, kor dei mellom anna har installert LED-lys.

- Det er viktig for oss å halde lusenivåa på eit svært lågt nivå heile tida, dette er noko me har fokus på.

Selskapet har også planar om fleire nye arbeidsbåtar og servicebåtar  til båtparken deira.

- Lingalaks har ein strategi på å ha det meste internt i selskapet. Då ser me at selskapet har best kontroll. Derfor ynskjer me å ha eigne båtar og fartøy som driftast av eige personell, seier han.

Haugarvoll opplyser deretter at dei har hatt ein god stigning i produksjonen, men påpeikar at Lingalaks i 2016 hadde for høg PD-dødelegheit.

Les også: LED-lys gir laksen bedre tilvekst – og hindrer kanskje lus 

 Tre utfordringar

- Sett vekk frå lusa, kva opplever du som dei største utfordringane i havbruksnæringa i 2016?

- PD gjer store tap, men også omdøme rundt arealtilgong.

Han meiner at utfordringane kring lus og sjukdom som PD må løysast snarast, og påpeikar tre umiddelbare problem som han ynskjer å sjå ei løysing på i 2017.

- Opning for utvikling i betre PD-vaksine vil bety mykje økonomisk. Samt tilpassing til nytt vekstregime. Næringa sitt ansikt utad må fortsatt betrast, påpeikar Haugarvoll. 

Den viktigaste enkelthendinga i bransjen i år seier han er at trafikklys-systemetvart sendt på høyring, men fortel det likevel at er vanskeleg å spå volumøkning i år.

- Det er vanskeleg å seie om det vert noko vekst, sidan me ikkje har godt evaluerte og aksepterte modellar som grunnlag for lysstyringa.

Dersom han skulle fått eit nyttårsønskje innvilga for selskapet, vsier Haugarvoll det ville vore å fått innvilga utviklingsløyve frå Fiskeridirektoratet.

Aqua Star Invest har søkt om seks utviklingsløyver til eitt lekterkonsept som bruker “flytteteknologi og hevertprinsipp”. Illustrasjon: Aqua Star Invest. 

Les også: Brønnbåtreder samarbeider med seks oppdrettere – Skal få en konsesjon hver

Det er gründerane Svein Martin Sæle, sonen Martin Sæle og Nils Landro som står bak ideen og som førte til at Aqua Star Invest søkte om seks utviklingsløyver. Austevollingane vil gje deira seks samarbeidspartnarar som er oppdretterar ein konsesjon kvar. Ein av desse er nettopp Lingalaks.

Trioen har søkt om seks utviklingsløyver på tilsaman 4 680 tonn, og konseptet (om innvilga) vil tas i bruk i Hordalandsområdet. Dei har tatt patent på teknologien som på Fiskeridirektoratets sider vert omtala som «Flytteteknologi, hevertprinsipp».