Marte Vassbotten er Manager i PwC og brenn for sjømatnæringen. No ynskjer 30-åringen som er tredje generasjons oppdrettar å løyse utfordringar knytta til havbruksnæringa. Foto: PwC

- Vil løyse oppgåver i havbruksnæringa

Marte Vassbotten (30) er tredje generasjons oppdrettar, og får tårer i augene av stoltheit for laksenæringa. I si stilling som rådgjevar i PwC, har ho no ambisjonar om å løyse utfordringane knytt til fiskeoppdrett i sjø.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Vassbotten vart for ei tid tilbake tilsett i PwC, og kom då frå stillinga som marknadskoordinator i IntraFish Media. Ho har lang fartstid i næringa, ettersom ho er vakse opp på merdkanten i familiebedrifta Steinvik Fiskefarm i Flora.

Vassbotten seier at kjær stilling har mange namn, og opplyser at hennar offisielle tittel er «Manager» i PwC Consulting.

– På god nynorsk kallar eg det rådgjevar i PwC si sjømatgruppe. Eg vert også kalla for fagekspert internt sidan eg har vakse opp på merdkanten og har særskild fagkunnskap innan sjømat, fortel ho til kyst.no.

PwC er eit av verdas største nettverk av revisorar, advokatar og rådgjevarar, og leverer mellom anna tenester innan revisjon, rådgjeving, skatt og avgifter.

Vassbotten er ein del av strategi-, prosess- og innovasjonsgruppa, og jobbar i all hovudsak med strategi og analyser for sjømatnæringa.

– Arbeidsoppgåvene kan likevel variere i takt med kundens behov og type prosjekt, noko som er utruleg motiverande og lærerikt, seier ho.

30-åringen feira nyleg rund dag, og fortel at ho i sin nye jobb ynskjer å løyse utfordringar i næringa saman med kundane.

– Flinke folk, med ulik bakgrunn

Dei fyrste månadane i jobben seier ho har vore veldig kjekke, og ikkje minst utfordrande.

– Etter ein liten ferie i Roma i påsken, starta eg i ny spanande jobb hos PwC Bergen i april i år. Eg likar å utfordre meg sjølv, og i her vert ein kasta ut på djupt vatn frå fyrste dag.

– Men det beste med jobben er å få lov til å jobbe med så mange utruleg flinke folk med ulike bakgrunnar. Eg trur ikkje eg har møtt på ein einaste gretten kollega sidan eg byrja i selskapet, legg ho til.

Draumen til Vassbotten er at andre enn dei som er født og oppvaksen innan sjømat, kan føle den same stoltheita for næringen som ho gjer.

– Før vi kjem så langt er det visse utfordringar vi må løyse, særleg med omsyn til omdømet og bærekraft. Min ambisjon er at eg, i regi av PwC, får moglegheit til å løyse desse utfordringane i samarbeid med eksisterande og potensielle kundar. Dette er noko som motiverer meg, fortel ho.

Sjølv seier Vassbotten at ho nok tok næringa litt for gitt då ho vart yngre.

- Etterkvart som eg har jobba i ulike ledd i næringa, både i utlandet og her i Noreg, har eg sett kor viktig den er for både by og bygder langs kysten. Dette er framtidsnæringa til Noreg, det er ingen tvil om det, konstaterer ho.

Lanserer nyheit i november

Vassbotten kan røpa at PwC har eit spanande prosjekt på gong, og resultatet av dette arbeidet vil bli lansert i byrjinga av november.

– Vi kallar det for Sjømatbarometeret. Regjeringa har ein visjon om at produksjonen av laks og aure skal nå 5 millionar tonn innan 2050. Er dette eit realistisk mål? I så fall, korleis skal vår oppdrettsnæring klare å realisere denne veksten? Vårt svar på denne utfordringa får du i november, fortel ho.

– Får tårer i augene

Vassbotten er ei ildsjel for næringa, og fortel sjølv ho er ei av dei som får tårer i augene når ho ser ein flott video av sjømatnæringa.

– Nyleg var det den nye videoen til Norges sjømatråd som fekk tårene til å renne.

Sjølv har Vassbotten vore med i ein av sjømatrådets filmar, under "Laks er viktig for Norge"-kampanjen som rulla på TV-skjermen i 2016.

Sjå video av Vassbotten i -Laks er viktig for Norge-kampanjen under. 

https://www.youtube.com/watch?time_continue=1&v=ux4H2bA9qpY

Laks i blodet

Marte kjem fra en familie som alle jobbar innenfor laks- og havbruksnæringa. Mor, far og bestefar driv Steinvik-konsernet i heimbygda i Flora kommune, og broren Erlend jobbar i Lerøy Sjøtroll som biologisk kontrollør. Den andre broren, Gaute, jobbar i eksportselskapet Seaborn medan han studerer havbruk i Bodø.

Fram til ho byrja å studere i Bergen jobba Marte i familiebedrifta. Då ho starta på studiane i internasjonal marknadsføring, fekk ho seg sommarjobb på Seaborn i same by. Etter studiane flytta ho til Canada for å jobbe som marknadsførar for eit fôrselskap, så følgde Intrafish før PwC.

Vil viderføre familieselskapet 

Vassbotten er klar på at ein av dei tre søskena nok vil ta over familieselskapet når tida er inne.

- Me vil sjølvsagt behalde Steinvik Fiskefarm i familien. Men kva slags rolle me vil ha vil framtida vise. Enn så lenge gjer pappa ein strålande jobb, seier ho nøgd.

Familiebedriften til Vassbotten har nylig hatt storfint besøk av BBC på merdkanten, les mer om dette her. 

– Kvifor valte du denne vegen i forhold til studie og jobb?

- Godt spørsmål. Eg ville jobbe med noko kreativt, samstundes ville eg ut i den store verda. Eg kan ikkje tenke meg ein betre kombinasjon enn internasjonal marknadsføring og den globale sjømatnæringa. Eg er overbevist om at dei mest innovative selskapa, og merkene, vil verte dei store vinnarane i framtida.

Ho meiner ein må gå vekk i frå tankegangen om at fisk berre er ei generisk råvare som skal sendast ut av landet fortast mogleg.

- Her må næringa ta grep og utvikle fleire produkt og merkevarer som får konsumentar til å velge sjømat i staden for rødt kjøtt, kylling og svin, oppfordrar ho.

  • Vassbotten har ein Bachelor og Master innan Internasjonal Marknadsføring og Leiing, og har studert i Bergen, Oslo, Mannheim og Vancouver.
  • Marte har også vore aktiv i ulike verv. Blant anna som medlem i ungdomsorganisasjonen YoungFish og som styremedlem og kommunikasjonsleiar i YoungFish Vest.
Marte Vassbotten i aksjon på merdkanten på en Steinvik Fiskefarm lokalitet, for å lage kampanjereklame for norsk laks. Foto: Norges Sjømatråd.
Marte Vassbotten har vært aktiv i organisasjonen YoungFish i flere år, og var en av de som hadde ansvaret for YoungFish Vest sitt opplegg i laksebakken under sykkel-VM i Bergen nylig. Foto: Therese Soltveit.