Peder Sjo Slettebø (H), ordfører i Kvinnherad Kommune. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda lokalavis.

Ynskjer å bli ein leiande oppdretts-kommune

Kvinnherad Kommune ynskjer å vera ein leiande oppdrettskommune i Noreg. No jobbar Høgrepolitikar og ordfører Peder Sjo Slettebø blant anna med å mjuke opp frysforskrifta i Hardangerfjorden.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Kvinnherad har ambisjonar om å vera ein av dei leiande oppdrettskommunane i landet. Frå politisk hald stiller me oss positive til og arbeider aktivt for gode vekstmoglegheiter for næringa i Kvinnherad, seier Slettebø (30), som ifjor vart valt.

Peder Sjo Slettebø (H), ordfører i Kvinnherad Kommune.

- Kvifor har du og partiet desse ambisjonane?

- Verda har stort behov for auka matproduksjon framover, og i den samanheng er oppdrettsnæringa heilt sentral. Den enorme kapasiteten som oppdrettsnæringa har potensiale til å etablera, vil vera avgjerande skal me klara å metta verdas befolkning i framtida, seier 30-åringen til kyst.no.

Les ogsåGår saman om bygging av nytt settefiskanlegg

- I den samanheng meiner eg og mitt parti at ein kommune som Kvinnherad, der det naturleg ligg til rette for slik produksjon, må ha mål om å ta del i den veksten som me veit må koma. Me har ambisjonar for vekst og utvikling i kommunen, og dermed har me også ambisjonar for oppdrettsnæringa lokalt, legg ordføraren til.

Framtidig arealbehov

I disse dagar pågår arbeid med ny kommuneplan, og ordføraren opplev god dialog med aktørane i næringa om framtidig arealbehov.

- Det er samstundes avgrensingar knytt til frysforskrifta i Hardangerfjorden, noko me med jamne mellomrom tek opp med stortingspolitikarar med sikte på å få mjuka opp, fortel han.

- Kor stort potensiale har kommunen når det gjeld oppdretts-verksamheit både  på land og i sjø?

- Eg vil vera varsam med å talfesta noko potensiale. Det er ikkje eg den rette til på noverande tidspunkt. Men eg meiner det er naturleg å tenka at me kan ta ein forholdsmessig større del av den veksten som kan koma langs kysten enn det me har i dag, seier han.

Når det gjeld framtida og utvikling av landanlegg er høgrepolitikaren difor svært positiv.

- På det tidspunktet utviklinga peikar i tydeleg retning av landanlegg, skal Kvinnherad kommune vera offensive og tilrettelegge areal. Ei slik etablering vil me sjølvsagt helsa velkomen, seier Slettebø til kyst.no.

- Korleis oppfattar du oppdrettsnæringa i kommunen?

Peder Sjo Slettebø (H), er nyvalt ordfører i Kvinnherad Kommune. Han ynskjer no at Kvinnherad skal bli ein leiande oppdrettskommune i Noreg. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda lokalavis.

-  Det er ei rekke aktørar representert i næringa her i Kvinnherad, frå dei heilt leiande internasjonalt til mindre, lokale aktørar. Mitt inntrykk er ei seriøs næring som ynskjer å forsterka dei lokale ringverknadane og løysa miljøutfordringane knytt til oppdrett. Næringa tilbyr gode arbeidsplassar, og genererer store inntekter til felleskapet.

Positive til vekst

Han opplev at eit fleirtal av dei politiske partia er grunnleggande positive til vekst i næringa lokalt.

- Det er enkelte parti som ynskjer ein meir restriktiv politikk, og det er noko delte meiningar i einskilde parti knytt til miljøspørsmåla. Som ordførar vil eg framover legga opp til  møtepunkt mellom næringa og kommunestyrerepresentantane for å få til innsikt og at ein gjensidig kan utfordra kvarandre, legg han til.

Slettebø jobbar stadig med å få på plass nye arbeidsplassar til kommunen, som har eit innbyggartal på omlag 13.300 menneske.

-  Vidare utvikling kan skje fyrst og fremst ved at ein tek omsyn til framtidig arealbehov i kommuneplanen. Vidare er det ynskjeleg for oss at me beheld og etablerar nye arbeidsplassar på til dømes settefiskanlegg, slakteri og kassefabrikkar. Eg ynskjer ikkje vera bastant når det gjeld sjøanlegg vs. lukka og landanlegg, men følger interessert med på utviklinga, og vil syta for at kommunen framover er førebudd på å tilretteleggje areal dersom aktivitetane i større grad flyttar seg opp på land, konstaterar Slettebø.

  • Peder Sjo Slettebø kjem frå Halsnøy i Kvinnherad. Han er også kjend som Peder Bakar i Sunnhordlands distriktet.
  • Han er utdanna bakar og har over tid etablert ei rekke bakeri-og utsalsstadar i Kvinnherad og på Stord.
  • Den populære bakaren fekk stor oppsluttnad i 2015 då han og Høgre i Kvinnherad gjekk mot straumen.
  • Høgre fekk eit mandat meir i kommunestyret og vart det leiande partiet i kommunen. Partiet er det klart største med ei oppslutnad på 34,9 prosent.