Lokalitet Skavhella.

Rømming hos Bolaks

Bolaks har meldt om rømming ved eit av sine anlegg i Fusafjorden.

Publisert Sist oppdatert

Det opplyser Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Selskapet rapporterte mandag om skade i ei not på lokaliteten Skavhella i Fusafjorden utanfor Os. Notskaden vart oppdaga i samband med at ei makrellstørje hadde kome inn i ei av nøtene.

- Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Den aktuelle nota har oppdrettslaks med storleik på ca 4 kg. Det er meldt inn gjenfangst på 35 fisk i området.

Fiskeridirektoratet opplyser at dei følger opp saka.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips i digitalt tipssystem

Personar som ønskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettslaks i området, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet.