Gå til innhold
Annonse

Hardangerfjordseminaret UNG 2018.

Sted
Rosendal
Startdato
25.09.2018
Sluttdato
25.09.2018
Tid
HARDANGERFJORDSEMINARET UNG 2018
 
 Årets seminar går av stabelen 25. september, med rekordpåmelding. 
Over 130 elevar frå dei vidaregåande skulane på Voss, Kvam, Fusa og Kvinnherad kjem til Norheimsund og fagdag med foredrag av forskarar på internasjonalt nivå og praktiske øvingar.

Hardangerfjorden sin eigen havforskar, Øystein Skaala-med forskingsstasjon i Rosendal - ynskjer elevane velkomen. 

Av smakebitar frå programmet nemner vi: Rett frå det Indiske hav og oceanografisk tokt kjem Dr. philos Svein Sundby og fortel om korleis Hardangerfjorden heng saman med dei store verdshava. Men elevane får òg vite kvifor spekkhoggaren vitja Hardangerfjorden i sumar. 

I workshop-delen syner Lakselussenteret ved Universitetet i Bergen elevane levande lakselus i mikroskop før dei kan vandre vidare til fiskeanatomi, demonstrasjon på utsett av lakseyngel og film om livet i fjorden av Randi Storaas. 

Seminaret har som delmål å vise «kva fjorden betyr av mogelegheiter. Biologi, zoologi, økologi er vegar til yrke. I akademia, næringsliv og forvalting.»

Sjå heimesida vår: www.hfsung.no.

 

 

Fullstendig program er lagt ved.

 

 

Ynskjer De fleire opplysingar, kontakt Sven-Helge Pedersen, tlf. 95175308 eller Frode Strønen, 48284075.

 

 

Vennleg helsing

 

 

Frode Strønen
 
Annonse