Gå til innhold

Brønnbåtkoordinator

Bremnes Seashore AS har som mål å vera leiande på produksjon av ferske kvalitetsprodukt frå laks. Norges største merkevare for fersk fisk, SALMA, er blant produkta du finn i vår produktportefølje. 

Bremnes Seashore har investert i auka brønnbåtkapasitet for å sikre den nødvendige kapasiteten til ulike operasjoner på sjø framover. Som Brønnbåtkoordinator vil du inngå som ein del av eit team som jobbar med å planlegge, følgje opp og utnytte flåten vår på ein optimal og forsvarlig måte. Teamet skal sørge for å utnytte dei ressursane me har tilgjengeleg for å gjennomføra operasjonar knytta til logistikk på sjø. Dette inkluderer smolt transport, føring av slaktefisk, samt behandlingsoperasjonar. Teamet er og ansvarleg for å innhente eksterne kapasitetar og båtar etter behov.

Utanom det operasjonelle ansvaret teamet har for å optimalisere utnyttelsen av flåten, ligg det og eit administrativt og kommersielt ansvar for å følgje opp forpliktelsar og økonomien i flåten. 
 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av brønnbåtoperasjoner
  • Oppfølging internt og eksternt i forbindelse med gjennomføring av operasjonar
  • Utleige av ledig kapasitet både til samarbeidspartnarar og andre aktørar
  • Innhenting av eksterne kapasitetar (først og fremst brønnbåtar) etter behov
  • Oppfølging av rederi og båtar
  • Økonomioppfølging på båtar

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå marin logistikk og/eller oppdrett er ønskelig men ikkje et krav
  • Sjølvstendig, målretta og resultatorientert
  • Utadvent med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Positiv haldning til lagarbeid i eit tverrfagleg miljø
  • Innovativ, løysningsorientert og stå-på-vilje
  • Grunnleggjande IT-kunnskap

Me tilbyr

Me tilbyr ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen. Du vil få konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikla deg i ei framtidsretta bedrift.

SØK PÅ STILLINGA

SalmonJobs
Bremnes Fryseri AS
Bremnes Fryseri AS

Søknadsfrist: 10.03.2021
Sted: Bremnes

Kontaktinformasjon:

Vidar Helvik
Tel: 41 49 25 79