Gå til innhold
Annonse

Inspektør

Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø. 

Vi samarbeider nært med forskingsinstitusjonar, næring og offentlege styresmakter nasjonalt og internasjonalt. Fiskeridirektoratet har om lag 450 tilsette, noko over halvparten arbeider i dei fem regionane og resten ved hovudkontoret i Bergen. 

Den statlege arbeidsstyrken skal mest mogeleg gjenspeile mangfaldet i folket. I Fiskeridirektoratet er det eit personalpolitisk mål å oppnå balansert samansetnad når det gjeld alder og kjønn. Dertil å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn eller enkelte manglar i CV. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsføremål. 

Kvalifiserte personar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring vert difor oppmoda om å søkje.

For den som ikkje er redd for sjøsprøyt er det ledig stilling som Inspektør

Om stillinga:

Fiskeridirektoratet Region Vest søkjer etter inspektør med kontorstad Bergen. Arbeidsoppgåvene vil vere retta mot operativt arbeid innan ressurskontroll. Dette inneber kontroll av landing og mottak av fisk, kontroll på sjø og elles annan kontroll retta mot uttak av ressursane i havet.

Stillinga inneber vesentleg reiseverksemd, det er difor eit krav at den som vert tilsett må kunne nytte eigen bil i tenesta. Bilgodtgjersle etter staten sine satsar.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre systematisk tilsyn (inspeksjonar og revisjonar)
  • Gjennomføre inspeksjonar innan ressurskontroll  som omsetningskontroll, kontroll av landing og mottak av fisk og elles anna kontroll retta mot uttak av ressursar i havet
  • Gjennomføre registrering og rapportering etter utførte inspeksjonar                                                                                                                                                                                                                                                             
  • Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver  

Kvalifikasjonar:

  • Fiskerifagleg, nautisk eller kontrollrelatert utdanning
  •  Gode kunnskapar om fiskerinæringa
  •  Erfaring i bruk av dataverkty
  •  Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
  •  Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg, og kunne nytte engelsk i arbeidet
  •  Kontrollrelatert yrkespraksis vil vere ein fordel

Vi tilbyr:

  • Stillinga er løna som inspektør frå kr. 435.000 til kr. 500.000 per år avhengig av utdanning og tidlegare praksis.
SalmonJobs
Fiskeridirektoratet
Fiskeridirektoratet

Søknadsfrist: 30.09.2018
Sted: Bergen

Kontaktinformasjon:

For nærare opplysningar om stillinga kontakt:

Seksjonssjef Roger Aasarmoen

tlf 959 18 129

eller regiondirektør Vidar Ulriksen

tlf 918 98 731.

SØK STILLINGA