Gå til innhold
Annonse

Produksjonsmedarbeidar

PLANY AS er ein leiande leverandør av innovative løysingar basert på tekniske tekstilar til havbruk, landbruk og maritim industri. Bedrifta er lokalisert i Gursken i Sande kommune og har i lengre tid hatt ei god utvikling og vekst, spesielt innan havbruk. PLANY AS har ein sterk posisjon i sine marknader og ein klar strategi om fortsatt lønsam utvikling og vekst. For å fortsette veksten treng vi fleire motiverte og dyktige medarbeidarar.

Vi søkjer deg som:

  • beherskar godt norsk
  • har samarbeidsevne
  • har evne til å ta ansvar for planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • jobbar effektivt og sjølvstendig

Stillinga inneber montering av produkt, saum og sveising av tekniske tekstilar. Du må rekne med fysisk arbeid. Opplæring vil bli gitt internt i bedrifta.

Send søknad merka «Produksjonsmedarbeidar» med CV innan 31. oktober til post@plany.no

SalmonJobs
Plany AS
Plany AS

Søknadsfrist: 31.10.2018
Sted: Gursken i Sande kommune

Kontaktinformasjon:

For nærare opplysningar om stillinga som

Produksjonsmedarbeidar kan du kontakte

produksjonsleiar Jannike Saure Knotten

Tel. 988 16 666