Gå til innhold
Annonse

Havbrukstilsyn - rådgjevar

Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvaltning av marine ressursar og marint miljø.

Vi samarbeider nært med forskingsinstitusjonar, næring og offentlege styremakter nasjonalt og internasjonalt. Fiskeridirektoratet har om lag 420 tilsette, noko over halvparten arbeider i dei fem regionane og resten ved hovudkontoret i Bergen.

Fiskeridirektoratet region Vest er ein av 5 regionar i Fiskeridirektoratet. Region Vest dekkjer fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Regionkontoret ligg i Måløy i tillegg til eit kontor i Bergen. Regionen har omlag 35 medarbeidarar fordelt mellom forvaltningsseksjonen og kontrollseksjonen.

I Fiskeridirektoratet er det eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og manglar i CV. Desse opplysingane kan bli brukte til registreringsføremål. Vi vil også søkje å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kvalifiserte kandidatar med ulike utdanningar, arbeids- og livserfaring vert oppmoda om å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Faglege vurderingar knytt til miljøeffektar av akvakultur, særleg bruk av legemiddel/kjemikaliar mot lakselus
  • Følge opp trendovervakinga av miljø under akvakulturanlegg
  • Delta i tilsynsoppgåvene til regionen, som og inneber operativt tilsyn på lokalitetar
  • Oppfølging av vassdirektivet
  • Revisjonar etter IK-forskrifta
  • Andre oppgåver kan vere aktuelle, avhengig av kompetanse og interesse

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå primært innafor marinbiologi, men anna utdanning der akvakultur inngår kan vere relevant
  • Kunnskap om økosystem i kystsona
  • Kunnskap om miljøgranskingar, og erfaring med operativt arbeid vert vektlagt
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Det er ønskeleg med kjennskap til fiskeri- og havbruksnæringa og offentleg forvaltning
  • Søkjar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein lagspelar som òg kan arbeide sjølvstendig når det er naudsynt
  • Den som vert tilsett må kunne kommunisere og samarbeide med kollegaer og eksterne aktørar
  • Vilje og evne til å dele kunnskap/kompetanse med kollegaer
  • Må vere endringsvillig

 Vil tilbyr

Lønsinnplassering i Statens regulativ som rådgjevar/seniorrådgjevar med avløning brutto kr. 480.000,- til kr. 560.000,-. l særlege høve kan høgare løn vurderast.

  • Fagleg spanande og samfunnsviktige oppgåver
  • Gode pensjonsordningar og høve til lån i Statens pensjonkasse
  • Fleksible arbeidstidsordningar

SØK PÅ STILLINGEN


 

 

SalmonJobs
Fiskeridirektoratet
Fiskeridirektoratet

Søknadsfrist: 30.04.2019
Sted: Måløy

Kontaktinformasjon:

Seksjonssjef Leni Lisæter, tlf: 990 29 461

Regiondirektør Vidar Ulriksen, tlf 918 98 731