«Maya»

«Maya» forliste

Det var vest for Karmøy at arbeidsbåten til Karmsund Shipping forliste.

Publisert Sist oppdatert

Det melder Haugesunds Avis torsdag kveld. 

Fartøyet fekk raskt bistand frå ein liknande fartøy frå same reiarlag. Dei fem arbeidarane om bord vart berga, og var i god behald ti minutt etter hendinga. Dei kom seg av fartøyet før det sank.

«Maya» var ute på oppdrag og jobba med eit slep då det heile skjedde.

- Ho pådrog seg eit hål i styrbord side og sank, og ligg no på 40-50 meter djup, sa dagleg leiar i Karmsund Shipping, Leif Kåre Sørvik til lokalavisa. 

Han peikar på at det viktigaste er at alle dei tilsette er i god behald. 

«Maya» vart kjøpt i 2019, og ankom Karmøy i februar same år. Båten er 14,98 meter lang og ni meter brei.