Oppdrett i opne nøter er ei museumssak
Torgeir Skretting tok til orde for å stimulere til overgang til lukka, flytande produksjon allereie på slutten av 1980-talet. Men til og med miljøorganisasjonane sa nei takk.
– Vi kalla det «Controlled Farming», men det var nok langt føre si tid. Den gongen, på slutten av 1980-talet, var haldninga lunken ikkje berre frå mitt eige styre, men og miljøorganisasjonane verka uinteresserte, fortel Torgeir til Kystpodden.
Torgeir er tredje generasjon Skretting som i store delar av si yrkeskarriere jobba i selskapet. Han var konsernsjef i 15 år – ein periode som var sjølvaste gullalderen for dei norke fôrprodusentane. Og blant dei var Skretting kongen på haugen.

– Den gongen hadde vi over 60 % marknadsandel, og spørsmålet var kva som vil skje i framtida. Mitt syn var at dette ikkje ville vare ved, og at vår marknadsdel kom til å bli redusert ned til 40 % og kanskje lågare enn det, men dette var styret ikkje einige i.
– Etter kvart måtte vi leggje prislistene på hylla. Dei store selskapa ville ikkje forhalde seg til prislister, men forhandle årsavtaler, og der har det vore sidan, fortel Torgeir og kommenterer på den måten utviklinga i bransjen.

Museumssak
Torgeir Skretting har markert seg som ein ivrige debattant som har teke eit klart standpunkt i diskusjonen om framtidas oppdrett.
– Oppdrett i opne nøter er ei museumssak. Tenk berre på at dersom dødelegheita vert redusert frå dagens 16 % til eksempelvis 5 %, vil differansen vere nok til å finansiere overgangen til lukka produksjon, meiner han. Høyr meir om dette i Kystpodden.
Sending: Laurdag 18. september 2025, kl. 10.00
kyst.no/kystpodden og Spotify
Kystpodden: Høyr meg – Sjå meg