Trond Williksen, konserndirektør i Akva Groug. Foto: Akva Group.

Akva group har snudd minus til pluss

- Me er glade for å sjå resultat i arbeidet med å utvikla ein meir differensiert forretningsmodell. Me får stadig større inntekter frå sal av tenester, seier Trond Williksen, konsernsjef i Akva Group. Lederen har de siste fem årene klart å snu selskapets underskudd til pluss.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Gründermentaliteten på Jæren er unik. Utan jærske gründerar ville me aldri vore lokaliserte her me er i dag. Dette er ein region med store moglegheiter, mykje kraft og mange sterke miljø, seier Trond Williksen til avisa Jbl.no. 

Då Williksen byrja som konsernsjef, hadde Akva Group gått med underskott på over 100 millionar kroner dei to siste åra. Den første store oppgåva hans, var å få selskapet i pluss. Alt første året blei underskott gjort om til overskott. I løpet av fem år vart omsetninga dobla, samstundes som talet på tilsette gjekk ned, opplyser avisa.

Selskapet sette i 2014 rekord, då dei omsette for 1,2 milliardar kroner, ein auke på 36 prosent samanlikna med året før. Resultatet blei på 103 millionar kroner. Også 2015 blei eit godt år vert det opplyst, men det endelege resultatet vil ikkje vera klart for offentleggjering før seinare i månaden.

Konsernsjefen forklarer at Norge er i front både når det gjeld teknologi, kunnskap og effektivitet kring produksjonen av laks.

– Utgangspunktet var eit reint teknologiselskap, og me er glade for å sjå resultat i arbeidet med å utvikla ein meir differensiert forretningsmodell. Me får stadig større inntekter frå sal av tenester. Dette er gunstig, sidan inntektene då blir meir stabile. Investeringsbudsjetta hjå kundane våre varierer, endringane er ikkje like store når det gjeld driftsbudsjetta. Sjølv er eg ein redd Nord-Trønder som ikkje toler for mykje svingingar, seier Williksen til avisa.