Asbjørn Dyrkorn Løland. Foto: Privat.

Går frå Pharmaq Analytiq til AKVAHUB

Asbjørn Dyrkorn Løland er ny prosjektleiar og dagleg leiar i AKVAHUB.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Asbjørn Dyrkorn Løland (33) kjem frå stillinga «Development and marketing manager» i Pharmaq Analytiq AS, og starta i sin nye jobb hos AKVAHUB sjuande november. Asbjørn har ein master i fiskehelse og har jobba i havbruksnæringa i snart åtte år. Han kjem opprinneleg frå Hyllestad i Sogn og Fjordane.

– Den fyrste tida i selskapet har gått med til å bli betre kjent med miljøet her på Marineholmen, sjølv om eg allereie kjende fleire av dei gjennom min tidlegare arbeidsgivar, Pharmaq Analytiq. Vi har allereie fått gjennomført ein del møter med selskap og organisasjonar som ynskjer å delta i ulike utviklingsprosjekt, og no blir arbeidet å konkretisere dette meir, fortel Løland.

Sjølv har han alltid hatt eit ynskje om å skape noko sjølv. Dette seier han truleg går heilt tilbake til vidaregåande og universitetsutdanninga hans.

– Om eg også kunne bidra til nærings- og folkevekst i heimkommunen så ville det vere ein stor bonus. Då Hans Haddal, ein nøkkelperson i utviklinga av AKVAHUB , tok kontakt og spurte om eg ville leie utviklinga av AKVAHUB frå Leirvik i Sogn, så var det nøyaktig den moglegheita eg trengde for å ta sjansen og flytte heim, fortel han.

Asbjørn flyttar til neste sommar attende til heimbygda i Sogn. Han meiner dette bilete fra Hyllestad Buavika illustrerar godt kvifor han vil flytta heim. Foto: Asbjørn Dyrkorn Løland

Flyttar heim og bygger kompetansen

Løland seier det vert utruleg spanande å kunne hjelpe ulike selskap med å realisere utviklingspotensialet sitt gjennom samarbeid og deling av informasjon på tvers av selskapa.

– Eg ser fram til å bidra med min fiskehelsekompetanse og mi arbeidserfaring inn i FoU-prosjekt som vil generere vekst i distrikta. Ein viktig del vert også å forsøke å bygge opp eit kompetansesenter for akvakultur i Hyllestad. Her må alle med interesse for samarbeid ta kontakt. Og så vert det naturlegvis kjempespanande å flytte heim med familien min, påpeiker han.

​Arbeidskontoret hans er per dags dato i Bergen, med enkelte dagar i Leirvik i Sogn.

– Vi flyttar forhåpentlegvis i løpet av sommaren 2018, og då vert det 100 % base på kontoret i Leirvik

Om Asbjørn: 

  • Utdanning: Fiskehelsebiolog frå Universitetet i Bergen (2010).
  • Familie: Sambuar, ein gut på 3 år og to stk Rhodesian Ridgebacks.
  • Tidlegare jobber/arbeidserfaring: Produktsjef helsefôr EWOS (2010-2014), Utvikling og markeddsjef PHARMAQ Analytiq (2014-2017).
  • Oppvokst i Hyllestad, og har budd i Bergen sidan 2003.
  • Interesser: Entrepenørskap, fiske, film og seriar, hund og familie!