Aller Aqua i Vadheimsfjorden ved Vadheim

Har gjenfanget 1000 laks etter rømming

Fiskeridirektoratet har idag pålagt Aller Aqua Norway AS miljøovervaking og uttak av rømt fisk i elleve vassdrag etter lakserømminga i Vadheimsfjorden i Høyanger.

Publisert

Lokale krefter har allereie teke ut fleire titals oppdrettslaks i elva Vikja, skriv Fiskeridirektoratet i ei melding torsdag.

Fiskeridirektoratet har i dag pålagt Aller Aqua Norway miljøovervaking og uttak av rømt oppdrettsfisk i elleve vassdrag i Sognefjorden, av desse er det fem nasjonale laksevassdrag. Målet er at fisk frå rømminga ved lokalitet Floteneset ikkje skal få gyte i dei aktuelle vassdraga.

- Selskapet må så snart som mogleg, og seinast måndag 7. november, leggje fram ein plan for tiltaket. Ein profesjonell instans med erfaring frå denne type arbeid skal vere fagleg ansvarleg, skriv direktoratet.

Mottak av fisk og dusør

Det var laurdag 29. oktober at Aller Aqua meldte om ei rømmingshending på lokaliteten Floteneset i Vadheimsfjorden. Det var då oppdaga eit stort hol i ei av nøtene på anlegget.

Fiskeridirektoratet har pålagt selskapet å drive gjenfangst i heile Vadheimsfjorden, ut til Langeneset-Verpeneset. Dette fisket foregår med innleidd fartøy og reiskap som er tydeleg merka.

Omfang og gjenfangst

Omfanget av rømminga er venta å bli avklart over helga. Fisken som har rømt er i storleiken 3-5 kilo og var slakteklar. Selskapet har så langt registrert ein gjenfangst på ca. 1000.