Gerhard Alsaker under NASF i Bergen.

Omsatte for 2,5 milliardar

Myndigheitene sitt nedtrekk stoppa ikkje Alsaker.

Publisert Sist oppdatert

Alsaker-konsernet leverte eit resultat før skatt på 649 millionar kroner i 2025, trass i at produksjonen vart påverka av kapasitetsnedtrekket frå styresmaktene.

Det skriv selskapet i ei pressemelding torsdag.

Konsernet, som er morselskapet til Alsaker Fjordbruk, hadde driftsinntekter på 2 596 millioner kroner. Det gir ein resultatmargin før skatt på 25 prosent.

Slakta mindre

Ifølgje selskapet fekk nedtrekket som vart innført hausten 2024 fullt utslag i 2025. Samstundes peikar Alsaker på at god biologisk utvikling og framleis låg dødelegheit bidrog til at produksjonen enda på 37 600 tonn laks. Slaktevolumet var noko lågare enn året før.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med verksemd innan heile verdikjeda. I løpet av året dreiv konsernet fire smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, slakteri, reinsefiskanlegg og eit havbrukssenter. Selskapet har også eigen brønnbåt og ein stor flåte med servicefartøy.

Produksjonen er spreidd over 14 kommunar i Vestland og Rogaland.

Ved utgangen av 2025 hadde konsernet 295 tilsette. Selskapet trekkjer fram kompetente og motiverte medarbeidarar som ein viktig suksessfaktor.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året kr 2.664 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 59 %.

Alsaker-konsernet

(Millioner kroner) 2025 2024
Omsetning2 5963 026
EBITDA7771 164
Driftsresultat6201 015
Resultat før skatt649995
Skattekostnad64356
Årsresultat585638

Nøkkeltall for 2025 og 2024.