Ove Gjerde, samfunnskontakt for Eide Fjordbruk sier til kyst.no at de vil søke om seks utviklingskonsesjoner. Foto: Privat.

Ove Gjerde skiftar beite

Ove Gjerde sluttar som samfunnskontakt i Alsaker-konsernet og går over til Eide Fjordbruk.- Me er utruleg glade for å få Ove Gjerde med på laget vårt, seier dagleg leiar Knut Frode Eide.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Eide Fjordbruk, og Knut-Frode Eide vert min nye arbeidsgivar, seier samfunnskontakt Ove Gjerde til kyst.no.

Han skal fortsetje som samfunnskontakt i oppdrettsselskapet som held til i Eikelandsosen i Hordaland.

- Det er spanande å jobba, og vera med på å leggja til rette for matproduksjon i sjø, fortel han.

Lang erfaring 

- Me er utruleg glade for å få Ove Gjerde med på laget vårt, seier dagleg leiar Knut Frode Eide.

Dagleg leiar Knut Frode Eide i Eide Fjordbruk seier til kyst.no at Gjerde skal starta i stillinga etter oppseiingstid i noverande jobb.

- Ove har lang erfaring frå offentleg forvaltning og han har dei siste åra jobba i oppdrettsnæringa og kjenner næringa og utfordringane vår godt. Eide Fjordbruk ser viktigheten av godt samarbeid med forvaltninga og me veit at Ove kjem til å gjere ein god jobb på dette området saman med oss i Eide Fjordbruk. Me er utruleg glade for å få Ove Gjerde med på laget vårt, seier Knut Frode Eide til kyst.no.