Den omkomne i Kvinnherad arbeida ved lakseslakteriet Viking Fjord AS på Sunde.

Akutt sjukdom var årsaka til dødsulykka

Alsaker-leiar omkom av akutt sjukdom like før han køyrte i fjellveggen torsdag kveld torsdag 10. desember, opplysar politiet i Kvinnherad.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Les også: Alsaker-leiar omkom i bilulykke

Obduksjons resultata har vist at årsaka til ulukka i Halsnøytunnelen, der ein bil køyrte i fjellveggen, skuldast akutt sjukdom. Det er politiet som no går ut med desse opplysningane etter at rettsmedisinsk institutt har føreteke obduksjon av den omkomne, meldar lokalavisa Kvinnheringen.

Ulykka skjedde torsdag kveld førre veke rett før klokka 17.00 i Halsnøytunnelen i Kvinnherad kommune i Hordaland. Den omkomne sitt namn er Ingve Bjarte Berge (51) frå Fjellberg.

Berge jobba som dagleg leiar ved Alsaker Fjordbruk sitt lakseslakteri Viking Fjord på Sunde.

Det var Ingve Bjarte Berge, dagleg leiar ved Vikingfjord AS som omkom torsdag i ei bilulykke i Kvinnherad. Foto: Alsaker Fjordbruk.