Andreas Moe Larsen, vart tilsett som ny samfunnskontakt i Eide Fjordbruk januar 2017. Foto: Eide Fjordbruk.

- Vil bidra til at Eide Fjordbruk vidareutviklar gode relasjonar

Andreas Moe Larsen er tilsett som ny samfunnskontakt i Eide Fjordbruk og går frå kommunearbeid i Fitjar til fiskeoppdrett i Eikelandsosen. Den tidlegare assisterande rådmannen ser no fram til å jobba i havbruksnæringa. - Eide Fjordbruk er eit selskap i sterk vekst, med godt omdøme, mange flinke tilsette og eigarar som er villige til å prioritera utvikling. Dette gjer det til ein svært spanande arbeidsplass, fortel han til kyst.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Stordabuen Andreas Moe Larsen vart tilsett som ny samfunnskontakt i Eide Fjordbruk i slutten av januar 2017, etter tidlegare samfunnskontakt Ove Gjerde gjekk bort i fjor. Larsen har sidan han byrja sat seg inn i den nye rolla.

- På min fyrste arbeidsdag vart eg kasta ut i arbeidsoppgåver frå fyrste stund, noko eg meiner er den beste måten å få kjennskap til ei næring som er ny for meg, fortel han engasjert.

God kjennskap og kunnskap

Arbeidsstaden hans dei siste åra har vore som assisterande rådmann i Fitjar.

Hovedkvarteret til  Larsen sin nye arbeidsstad ligg ved smoltanlegget i Støa. Som igjen ligg på garden som har vore i Eide-familien sidan 1600-talet. Dette er ein av dei fyrste stadane ein starta med oppdrett i Noreg. Foto: Eide Fjordbruk

- Utdanninga mi er innan samanliknande politikk og samfunnsøkonomi. Eg har og vore rådgjevar i rådmannens stab i Haugesund kommune, eg har vore to periodar i kommunestyret i Stord kommune.

Han har og vore leiar av Stord Arbeidarparti, og nettopp nevnte verv syner han gav god kjennskap til lokalpolitiske vurderingar og kva kommunane la vekt på i nærings- og arealspørsmål.

- Sidan havbruk er så viktig for Sunnhordlandsregionen, får alle lokalpolitikarane god kjennskap til næringa, fortel Moe Larsen.

Les også: Mener stagnasjon og økte kostnader er store utfordringer for næringen

- Kva vil vera dine styrker som du tek med deg inn i den nye jobben? 

- Gjennom arbeidserfaringa frå Fitjar har eg god kjennskap til kommunal- og offentleg forvaltning, samt kommunane sine roller i lokalsamfunna. Havbruksnæringa er avhengig av eit godt tilhøve til omverda, og eg vil bidra til at Eide Fjordbruk vidareutviklar gode relasjonar til lokalsamfunna me er ein del av.

- Havbruksnæringa er viktig

Samfunnskontakten meiner Eide Fjordbruk er eit selskap i sterk vekst, med godt omdøme, mange flinke tilsette og eigarar som er villige til å prioritera utvikling.

- Eg meiner havbruksnæringa er viktig for å framleis ha sterke lokalsamfunn i Noreg, og ingen andre næringar kan bidra med så mange desentraliserte kompetansearbeidsplassar langs heile kysten. Dette gjer det til ein svært spanande arbeidsstad. Eg kan ikkje tenkje meg andre næringar som er så viktige for kystsamfunna og som er i så stor utvikling som havbruk.

Og det er ikkje mangel på arbeidsoppgåver for Larsen, då selskapet mellom anna har søkt om utviklingsløyver og nyleg fekk avslag på søkanden. Dei jobbar no med å anka sakaEide Fjordbruk samarbeidar også saman med Lingalaks om å få etablert settefiskanlegget "Ænes-inkubator" i Kvinnherad. 

Samfunnskontakten seier han ynskjer å bidra til fortsatt vekst og utvikling i oppdrettselskapet.

- Eg håpar samstundes å læra mykje, og er sikker på at eg får ein interessant arbeidsplass, fortel han avslutningsvis.