Håvard Bakke ante ingenting på førehand og blei overraska som vinnar av AqKva-prisen for 2022. Det synlege symbolet på prisen var eit kobberstikk av Harald Kryvi, og blei overrekt av meldem av AqKvapris-juryen, Hans Inge Algrøy frå Sjømat Norge.

Han fekk AqKva-prisen 2022

Årets AqKva-pris gjekk i år til Håvard Bakke for hans langvarige og betydelege innsats i havbruksnæringen.

Publisert Sist oppdatert

Årets pris blei delt ut under festmiddagen på AqKva-konferansen, som blei held i Bergen onsdag med nærare 500 deltakare.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at Håvard Bakke fyllar fullt ut kravet både til langvarig engasjement og god innsats.

- Denne innsatsen har vore synleg både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og han har gjennom sin dyktigheit og sine gode kunnskap blitt sterkt anerkjent blant både fotfolk og fagfolk i næringa, sa jurymedlem Hans Inge Algrøy under utdelinga.

Frå landbruk til fisk

AqKva-prisen

  • AqKva-prisen er ei utmerking som blir gitt til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har tatt næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfølging og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa.
  • Prisen skal vera honnør for vel utført arbeid og inspirasjon for seg sjølv og andre til vidare innsats.
  • Komiten som står bak utvelgelsen av prisvinnaren består av ein frå styret i AqKva organisasjonen, ein frå tidsskriftet Norsk Fiskeoppdrett og underteikna frå Sjømat Norge.
  • Prisen i år er eit bilde laga av Harald Kryvi som er kjent både som kunstnar, forfattar og professor emeritus i fiskeanatomi ved UiB

Som så mange andre av dei tidlege pionerane i havbruksnæringa frå tida før det var eigen utdanning for havbruksfolk, har årets prisvinnar bakgrunnen sin og utdanninga si frå landbruksnæringa. Bakke tok det heilt ut med doktorgrad på eit tema som er veldig aktuelt både for landbruksnæringa og havbruksnæringa, og har jobba med mange slags husdyr i sin ungdom.

Seinare fekk han smak på fisk og laks spesielt, og då var det gjort.

- Prisvinnaren har aldri meir ofra ein tanke på verken gris eller ku, kanskje smakt fårikål ein sjeldan gong, men han er veldig jordnær likevel med potetåker og drivhus i hagen sin, sa Algrøy.

Hatt mange rollar

I fiskeoppdrettsnæringa har Bakke vore med på mykje forskjellig og arbeid med ulike jobbar med forskjellige fiskeartar på forskjellige plassar i inn- og utland.

- Han har hatt mange leiarjobbar og bygd mange ting frå botnen av. Han har vore innom alt som gjeld stamfisk, rogn, smolt, matfisk og til og med sal av fisk, sa Algrøy:

Håvard Bakke med prisbildet.

- Lærekurvane har vore bratte, men han er ein tindeklivar som har forsert utfordringane på ein utmerkt måte og gått opp gode løyper for dei som kom etter.

Bakke sin CV viser at han har hatt mange hattar på og desse har han ifølgje juryen sjonglert på ein god måte gjennom ein lang karriere.

Han har og vore hyppig deltakar og foredragshaldar på fagkonferansar - over alt.

- Han er aldri vanskeleg å be om å halda eit innlegg, og er alltid interessant å høyre på, ut frå både fagleg styrke og evne til å engasjere.

Dei siste 15 åra har han jobba mest med det han begynte med, nemleg avl og genetikk, gjennom selskapet Benchmark Genetics.

Heil ved

- I tillegg til jobb har Bakke eit sterkt samfunnsengasjement, og det har han mellom anna tatt ut ved å sitja i kommunestyret i heimkommunen sin over lang tid.

- Folk som har jobba saman med han karakteriserer han som reflektert, kunnskapsrik, roleg og hyggeleg. Han er ein behageleg sjef og medarbeidar som alltid er romsleg og imøtekommande med stor omsorg for folk rundt seg og 100 % til å stole på. Det er dette som kallast «heil ved.» Alle som kjenner han veit at han har eit mildt vesen, han er morosam og humørfylt og så er han ekstremt uthaldande for han har vore lengre i arbeidslivet enn dei fleste, sa Algrøy.

- Håvard Bakke gjer ikkje så mykje av seg sjølv og sin eigen person, ingen fakter eller store ord, men i faget er han ein bauta som oser av respekt og kunnskap. Han er eit bevis på at kunnskap slår spisse olbogar. Men sjølv om han er roleg av vesen blir det sagt at han er frisk i fråsparket når han får foten på gasspedalen, så frisk at det går gjetord om det i heile Sunnhordland. Han nøyer seg heller ikkje med bortoverski på flat mark, men reiser til Alpane og utfordrar dei høge toppane der på Telemarkskia sine. Han er heller ikkje framand for ein tur på hesteryggen, kunne Algrøy fortelje.

Formelt har Håvard Bakke no slutta i jobben i Benchmark Genetics etter oppnådd pensjonsalder, men han er allereie i gong med nye oppgåver.