– Slik ser batterimodulen ut. Han tek lite plass, og kan monterast slik det passar oss best, forklarar Livik. På plass er også Egil Mollestad, sjefen i ZEM AS. Det er dei som har levert modulen. Foto: Vidar Alfarnes.

Batteriet på plass - snart kjem båten

Moen Marin kjem til å utvikle to ulike typar arbeidsbåtar som får heilelektrisk framdriftssystem. Batterimodulen er allereie på plass.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

På havbruksmessa Aqua Nor i Trondheim er det ikkje berre stands å utstillere inne i hallar, det er også fleire produsentar og leverandørar nede på kaianlegget Skansen. Ein av desse var Moen Marin som hadde fleire nyhende å dela.

– Vi vil gjerne ha nokre konsept klare når kundane kjem og spør etter miljøvenlege båtar. Difor har vi no plukka ut to skrogtypar som vi meiner eignar seg godt til batteridrift, fortel prosjektleiar Vegar Livik i Moen Marin, som byggjer alle båtane sine i aluminium.

Katamaranskroget er på 13,5 x 7 meter, og 12 x 5 meter singelskrog.

- Førstnemnde er det desidert mest populære produktet vårt, legg han til.

Ein misser sjølvsagt både rekkevidde og litt fart, når båtane vert utstyrt med batteri i staden for dieselmotorar.

– På den andre sida får vi litt betre plass om bord, når store motorar, mange hydraulikkrøyr og dieseltankar kan fjernast.

Livik er på plass med Egil Mollestad, sjefen i ZEM AS. Det er dei som har levert modulen. Saman har dei ingen problem med å setje batteripakken på høgkant.

På plass til neste år

– Kor tid vil den første batteridrivne arbeidsbåten vera klar frå Moen Marin?

– Til neste år. Kjem du attende til Nor Shipping 2018, så har vi ein slik batteribåt liggjande på Skansen, forsikrar Vegar Livik.