Mattilsynet

Viktig endring i OK-programmet for VHS/IHN

OK-programmet skal ha auka fokus på prøvetaking av sjuk fisk, og Mattilsynet ønskjer at fiskehelsetenestene styrker prøveinnsendinga av regnbogeaure og settefisk. Målet er at det blir tatt ut prøver av til saman 20 fisk frå alle lokalitetar med regnbogeaure og 20 fisk frå ca 20 prosent av lokalitetar med laks.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskehelsetenesta prøvetar fisk ved sine helsekontrollbesøk i anlegga, og desse prøvene vil kunne nyttast i VHS/IHN-overvakinga. Dei til saman 20 fiskane kan kome frå fleire prøvetakingar i samband med ulike sjukdomsepisodar, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Fiskehelsetenesta sine prøveuttak kan erstatte Mattilsynet sine tidlegare uttak av 30 fisk per lokalitet.

Meir risikobasert overvaking OK-programmet for VHS/IHN er etter Veterinærinstituttet si evaluering lagt om frå 2011 (sjå 15-2010 i Veterinærinstituttets rapportserie på www.vetinst.no ).

Overvakinga av viral hemoragisk septikemi (VHS) og infeksiøs hematopoietisk nekrose (IHN) gjeld matfiskanlegg og settefiskanlegg av regnbogeaure og laks. Det nye med VHS/IHN-overvakinga er å nytte betre informasjonen som kjem inn gjennom fiskehelsetenesta sine prøver.

Etter fiskehelsedirektivet skal Noreg godtgjere at vi oppdagar sjukdom av VHS/IHN. Den beste overvakinga er at fiskehelsetenesta fylgjer opp fisken i oppdrettsanlegga ved hjelp av risikobasert helsekontroll og prøvetaking i samband med mistanke om listeført sjukdom, generell sjukdomsoppklaring og utgreiing av forauka dødelegheit.

Fiskehelsetenesta prøvetar Uttak av ca 8 – 10 fisk per sjukdomsutbrot er føremålstenleg. For at prøvene skal kunne nyttast i OK-programmet trengst det prøver for histopatologi og parallelle prøver på RNA-later eller cellekulturmedium. Innsendinga av prøvematerialet må skje til Veterinærinstituttet og tilhøyrande rekvisisjonsskjema frå VI må leggast ved, sjå www.vetinst.no.

Inspeksjon Som tidlegare år skal Mattilsynet ved distriktskontora inspisere alle typar anlegg med mottakelege artar av fisk.

Ønskjer fleire prøver Mattilsynet ønskjer fleire prøver frå Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark som kan nyttast for VHS/IHN overvaking (med RNA-later/cellekulturmedium).

Ei førebels oversikt frå Veterinærinstituttet viser at det har det kome inn forholdsvis få prøver frå lokalitetar med regnbogeaure og av settefisk hittil i år. Mattilsynet ønskjer at fiskehelsetenestene for resten av 2011 styrker prøveinnsendinga av regnbogeaure og settefisk.