- Det er veldig mykje arbeid for tida, og har vore travelt i ein lengre periode no. Da er vel ei god antydning på at det er mangel på transportmidlar for oppdrettsnæringa, fortel Jarle Tveiten, medan han lossar av yngel. Foto: Jarle Tveiten Transport

Stor mangel på bilar for transport av levande fisk

Jarle Tveiten Transport er inne i en svært travel periode og transportfirmaet har eit stort behov for fleire køyretøy. - Me jobbar no hardt for å få på plass fleire vogntog og bilar, slik at etterspurnaden frå kundar kan avta, seier sjef Jarle Tveiten til Kyst.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Therese Soltveit

Kyst.no tek kontakt med Tveiten er han i full sving med å laste av yngel til ein kunde. Den aktive firmaeigaren frå Tørvikbygd er ofte på farta og fornyar stadig i bilparken til selskapet.

- Me slit med å få tak i nok bilar rett å slett. Det er heilt klart ein mangel på biler per i dag, seier Jarle Tveiten i transportfirmaet med same namn.

- Det er veldig mykje arbeid for tida, og har vore travelt i ein lengre periode no. Da er vel ei god antydning på at det er mangel på transportmidlar for oppdrettsnæringa, fortel Tveiten, medan han lossar av yngel. 

Tveiten påpeikar at fleire vogntog og transportmidlar til andre selskap har køyrd av vegen dei siste månedane og har ikkje kome attende på vegen, det har ført til ein enda større etterspurnad for selskapet.

Selskapet har vist gode regnskapstal, der dei har auka omsetninga frå cirka 11 millioner kroner i 2013 til nær 14, 4 millionar kroner i 2014. Driftsresultatet til selskapet auka frå 1000 kroner i 2013 til 2 592 millionar kroner i 2014.

Fleire kjøretøy

For tida jobbar han aktivt med å få på plass fleire køyretøy, og har nyleg kjøpt ein ny lastebil frå Danmark.

- Lastebilen eg kjøpte er ikkje komplett og den krev mykje arbeid før den er godkjent som transportmiddel for næringa. Det er mange krav som må tilfredstillast før ein kan byrja å transportere fisk. Blant anna er det krav til overvåkingsanlegg og det kjem stadig meir krav til lufteanlegg og slike ting, seier Tveiten.

Sidan oppstart har bedrifta opplevd både opp- og nedturar parallelt med oppdrettsnæringa. Behovet for transport av fisk på landevegen har vært stabilt aukande, og veksta dei siste ti åra har gjeve selskapet moglegheit til å auke kapasiteten i bilparken, skriv selskapet på nettsida si.

Totalt har Tveiten Tarsnport no åtte bilar i drift, men det er bilar til forskjellige formål og ikkje alle kan transportere for eksempel yngel eller rognkjeks. Foto: Jarle Tveiten Transport

Totalt har han no åtte bilar i drift, men det er bilar til forskjellige formål og ikkje alle kan transportere for eksempel yngel eller rognkjeks.

Mindre sjansar for sjukdom

Kundane til Hardangerselskapet er i hovudsak kommersielle oppdrettsaktørar, men også forskingsinstitusjonar og kultiveringsanlegg.

- Me har ein veldig stor aktivitet på å transportere levande fisk. Sidan det har vore mykje sjukdomsutbrot i områda i Midt-Norge, har det blitt ein etterspørsel etter kjøretøy spesielt sidan det er brønnbåt-mangel i desse områda, fortel Tveiten.

Les også: Ferdigstiller nytt rognkjeks-anlegg på Sleneset

- Eg tenkjer at oppdretterane tek mindre sjansar med å transportere fisken i vogntog, einaste nedsida er at me ikkje kan frakta så store mengder fisk som ein brønnbåt kan. Men det positive er at me er mykje raskare ute og har mye mindre fare for smitte av sjukdom og problem for fisken, legg han til.

Dei siste årene er transport av leppefisk blitt et viktig satsingsområde for transportfirmaet. I lakseoppdretterane sin kamp mot lakselus, er leppefisk blitt eit spanande og viktig verktøy.

- Det har særleg det siste året blitt ein enorm etterspurnaden etter rognkjekstransport og det har auka etterspurnaden vår generelt. Noko som gjere at me har veldig mykje arbeid, fortel Tveiten. 

  • Jarle Tveiten Transport AS er ei bedrift som vart etablert i 1987 med den hensikt å driva transport av levende fisk.
  • Hovudaksjonær er Jarle Tveiten og har i heile denne perioden vore sterkt delaktig i drift og utvikling av selskapet som held til i Tørvikbygd i Hardanger.
  • Tankanlegget til selskapet i vogntoga er utstyrt for overvåking og regulering av dei viktige miljøparametererane, for så å sikre optimal fiskevelferd under tra?nsporta.