Leder for Norges MiljøvernforbundDemonstrasjon under åpningen av Norway Fish & Aquaculture messen i Bergen, 2006

Rasar mot utsleppsløyve

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, gir Firda Sjøfarmer løyve til å sleppe ut 400 tonn meir biomasse.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I ein klage til Fylkesmannenkrev Miljøvernforbundet at utsleppsløyvet til oppdrettsfirmaet blir gjort om til avslag, melder NRK.

Anlegget på Hyseneset i Gulen har i det nye løyvet lov til å sleppe ut 3.120 tonn biomasse. Forbundet meiner miljøkonsekvensane er uforsvarlege.

– Eit slikt anlegg har eit gigantutslepp av gjødsel, som går rett i havbotnen. I tillegg mister dei så mykje fôr at dei i snitt fôrar 10,2 tonn villfisk rundt anlegget. Den villfisken er min og din mat, seier Kurt Oddekalv.

– Eit slikt anlegg er storprodusent av lakselus. Vi har allereie i dag ein sjøaurestamme som er vaklande grunn og det er kjent at det same gjeld laksen vår. Det mange ikkje veit, er at dersom eit slikt anlegg ligg i ein terskelfjord, så sluttar torsken å gyte. For torsken avheng av reint vatn, den kan ikkje gyte i ein septiktank, rasar Oddekalv.

Fylkesmannen skriv i grunngjevinga at ein skal bruke «best mogleg tilgjengelege teknikkar»