
113 millionar til laks
Eksportutvalet for fisk set av 113 millionar kroner til arbeidet med marknadsføring av laks neste år. Aust Europa blir sterkt prioritert denne gongen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Eksportutvalet for fisk aukar budsjettet for laks med ti prosent. Den største auken vil skje i Aust Europa, men det vert også litt meir å rutte i andre marknadar. Budsjettet for Russland aukar frå sju til fjorten millionar kroner og Børge Grønbech i Eksportutvalet for fisk forklarar auken med at denne marknaden no er i ferd med å opne seg for majoriteten av laksebransjen. Så langt har det vore satsa mest i dei største russiske byane, men det skal også diskuterast i kva grad ein skal jobbe meir utover i regionane. Eigne pengar til Ukraina For første gong er det sett av eigne pengar til å drive marknadsføring i Ukraina. -I budsjettet til neste år er det sett av to og ein halv million kroner til arbeid med marknadsføring i Ukraina. Her har vi hatt ei fin utvikling i kjøpekraft og det er gjort store investeringar i utbygging av kjøpesenter som gjer distribusjonen av laks mogeleg, seier Grønbech til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Plussar på i fleire land Også andre land får plussa på sine budsjett til neste år. I Kina går budsjettet opp frå tre til fem millionar kroner. Dette forklarar Grønbech med at norsk laks har fått rotfeste i denne marknaden og at bransjen trur på ei vidare utvikling her. I Portugal aukar budsjettet frå tre til fire millionar kroner. Denne auken vert forklart med at portugisarane er eit sjømatetande folk og at det ligg eit potensial i å jobbe meir med denne marknaden.
Mindre behov for å arbeide med avtalar Tidlegare var det sett av seks millionar kroner til administrativt arbeid for å skaffe tilgang til marknaden. No er dette budsjettet redusert til tre millionar kroner. Det forklarar Grønbech med at tilhøva i Russland er i ferd med å gå seg til, og at ein ikkje lenger har minstepris på laks og aure til EU.