Illustrasjonfoto grønne konsesjoner.

115 klager på avvisningsvedtak

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure har mottatt 115 klager etter at 118 søknader vart avvist.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Faggruppa er no i gang med å gå gjennom alle innkomne klager og vil gå gjennom klager relatert til avvisningsvedtak av søknader i gruppe B (lukka bodrunde) først. Alle saker som ikkje blir omgjort ved faggruppas handsaming, vil bli oversendt Fiskeri- og kystdepartementet for klagehandsaming der.

Det er eit svært omfattande arbeid som faggruppa no er i gang med. I tillegg til handsaminga av klager på avvisningsvedtak vurderer faggruppa parallelt søknadene i gruppe B. Vurdering av prekvalifisering i gruppe B vil ikkje bli gjort ferdig før klagehandsaming av avvisningsvedtak i gruppe B er endeleg avgjort.

Opning av bod etter klagehandsaminga

 Faggruppa vil heller ikkje opne boda som er komne inn i gruppe B før eventuelle klager knytt til vedtak om prekvalifisering er endeleg avgjort.

Etter at klagehandsaminga knytt til avvisningsvedtak i gruppe B er ferdig tek faggruppa fatt på klagehandsaminga av avvisningsvedtak i gruppene A og C.

115 av 118 har valgt å klage på avvisningen. Foto: Kyst.no