
12 millionar kroner til marin bioprospektering
- Marin bioprospektering er eit område der Noreg har eit godt utgangspunkt for verdiskaping. Hittil er berre eit fåtal av dei marine ressursane undersøkte med tanke på kommersiell utnytting, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I budsjettforslaget styrkjer regjeringa satsinga på marin bioprospektering med til saman 12 millionar kroner, fordelt med 5 millionar kroner over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett og 7 millionar kroner over Nærings- og handelsdepartementets budsjett. Leiting etter interessante og unike genar, biomolekyl og organismar frå det marine miljøet kan gi utgangspunkt for nye produkt og prosessar innafor ei rekkje sektorar, mellom anna næringsmiddelindustri, helse og kosmetikk. Det vert no bygd opp sterke forskings- og kompetansemiljø i Tromsø. Som eit ledd i oppfølginga av nordområdestrategien styrkjer regjeringa arbeidet med næringsutvikling basert på marine biologiske og genetiske ressursar gjennom auka løyvingar både over Fiskeri- og kystdepartementets og Nærings- og handelsdepartementets budsjett. I tillegg vidarefører regjeringa løyvingane til MABIT-programmet (Marin bioteknologi i Tromsø) og Marbank, den marine biobanken som starta i 2005.