13 millionar i auka støtte til Regionalt forskingsfond Vestlandet

Regjeringa foreslår i statsbusjettet som ble lansert igår, å auke løyvinga til Regionalt forskingsfond Vestlandet med 13 millionar kroner i 2016.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Regionalt forskingsfond Vestlandet RFF er ein viktig pådrivar for forskingsdriven innovasjon i næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet, meldar fondet i ei pressemelding. 

Med tilleggsløyvinga vil fondet ha eit budsjett på 45 millionar kroner i 2016. Auken i midlar skal bidra til omstilling i nærings- og arbeidslivet i dei tre fylka som fondet dekker; Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

- Eg er svært glad for den auka løyvinga, seier styreleiar for Regionalt forskingsfond Vestlandet, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes. Vestlandet er spesielt ramma av nedgangen i oljebransjen. Ei vellukka langsiktig omstilling krev nye og innovative løysingar innan fleire teknologi- og samfunnsområde. Forskingsbasert kunnskap vil spele ei avgjerande rolle i denne endringsprosessen. Representantar for fylkestinga møtte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i august for å understreke behovet for ei auka satsing på forsking som kan medverke til innovasjon og omstilling på Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes gir statsråden honnør for å ha lytta til dette innspelet og det etterfølgjande framlegget om auke i løyvinga til forsking som kan drive Vestlandet framover.