20 millionar for å kontroller seg sjølve
Den nye kontrollavgifta som fiskarane er pålagt å betale frå nyttår inneber i overkant av 20 millionar kroner til statskassa. Avgifta skal vere med å dekke staten sine utgifter til å kontrollere fiskarane.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeriminister Svein Ludvigsen prøvde i utgangspunktet å få ein lovheimel som omfatta kontrollavgifta i tilegg til alle oppgåver som skal utførast innafor virkeområdet til Saltvannsfiskelova. Dette forslaget, som Fiskarlaget frykta kunne medføre 400-500 millionar kroner i avgift, vart nedstemt i Stortinget. Norges Kystfiskarlag meianar det er i havfiskeflåten det har føregått eit kriminelt overfiske og at kontrollavgifta burde bli betalt av denne flåtegruppa. NTB/Aftenbladet