2004 kan bli eit godt år for Arnøybruket
2004 ser ut til å bli eit godt år for Arnøybruket AS. -Årsaka er knallhard jobbing for å betre kvaliteten på produkta våre, seier dagleg leiar Bjørg Helen Nøstvold til kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
For fyrste gong på fleire år kan Arnøybruket AS møte hausten med eit økonomisk overskot som er høgt nok til å gi overskot for heile året. Dette skjer til tross for at Nord-Troms tingrett dømde verksemda til bot og inndraging for til saman 250.000 kroner etter ein tiltale om fiskefusk. Dette er berre ein tidel av kva aktor hadde lagt ned påstand om. Saka gjaldt underrapportering og ulovlig kjøp av fisk i 1999 og 2000. Kvalitet gir betre pris At Arnøybruket i år ser ut til å sleppe raude tal ved utgangen av året skuldast hard jobbing for å betre kvaliteten både på dei produkta fiskarane leverer og det dei sjølve produserar. -Dette arbeidet starta i 2003 og vi har fått positive tilbakemeldingar frå fornøgde kundar. Prispresset på saltfisk er hardt, men vi ser at vi kan krevje ein pris som er noko høgare enn gjennomsnittet når kundane veit at dei er garantert god kvalitet på fisken, seier Nøstvold. Fiskerikandidat Bjørg Helen Nøstvold er 28 år og vart utdanna fiskerikandidat ved Norges Fiskerihøgskole (NFH) våren 2002. Etter ein kort prosjektjobb i Fiskerinæringens Kompetansesenter hausten 2002, overtok ho som dagleg leiar ved Arnøybruket AS i januar 2003. Som daglig leiar Bjørg Helen var usikker på kva ho kunne forvente seg som dagleg leiar i det mannsdominerte miljøet på eit fiskebruk. Her skulle ho både forhalde seg til ein arbeidsstokk som i hovudsak var eldre enn ho og til fiskarar som ikkje var van med at leiaren på bruket er ei ung kvinne. -Tanken min var at dersom eg arbeida hardt og var tydelig interessert i å lære, ville eg bli akseptert til slutt. I byrjinga var dei tilsette veldig reservert og ein stor, høgmælt fiskar frå trøndelag kalla meg ein gong, "din forbainna skåronge, det e bare så vidt måsin har skjeti på dæ". Då lurte eg på kva det var eg hadde gitt meg ut på. Men etter kvart som Bjørg Helen har vorte kjend med arbeidsplassen, har alt gått mykje betre. -Eg prøver hele tida å tenke på at det som i det lange løp gjer situasjonen betre for bedrifta, også vil gagne dei tilsette, seier Bjørg Helen Nøstvold som ser positivt på framtida for Arnøybruket AS.