Merete Kristiansen

2009 vart eit godt år for laksen

-2009 har vist oss at norsk laks har ein sterk posisjon i alle viktige marknadar. Ei viktig årsak er næringa si evne til fleksibilitet, seier marknadssjef Merete Kristiansen i Eksportutvalet for fisk

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Ein gjennomgang av situasjonen for norsk laks syner at utviklinga i 2009 har vore svært god i dei aller fleste marknadane, og i fylgje Merete Kristiansen er næringa si evne til å vere fleksibel ei svært viktig årsak til at vi har hatt ei svært positive utviklinga i ein periode der andre eksportnæringar slit. Når det gjeld evna til fleksibilitet tenkjer Kristiansen spesielt på det som har skjedd i USA etter at eksporten av laks frå Chile er redusert kraftig den siste tida. -Næringa har snudd seg rundt og produsert store mengder filet til den amerikanske marknaden, på same tid som ein har klart å oppretthalde den gode kvaliteten på produkta, seier Kristiansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. I tillegg til den positive utviklinga i den amerikanske marknaden melder Kristiansen om ei positiv utvikling både innanfor konsumet av sushi, med laks som eit viktig produkt, konsumet av fersk laks i grillsesongen og det tradisjonelle konsumet av røykt laks. -Det handlar om tre kategoriar som er vesentleg for konsumet av norsk aks, og sushitrenden veks mest, seier Kristiansen. Ho viser til at norsk laks har vore heilt sentral i utviklinga av sushikategorien på verdsbasis. Det starta først i Asia, men har no spreidd seg over heile verda.