
250 oppdrettarar på rømmingskurs
Når dagens kurs i Bodø er gjennomført har 250 oppdrettarar delteke på kurs i rømmingssikring denne hausten. I fylgje Are Kvistad i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining (FHL) har engasjementet blant deltakarane vore på topp.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I dag vert det siste av til saman seks kurs i rømmingssikring gjennomført i Bodø. I haust har 250 driftsleiarar og røktarar lært meir om korleis ein skal sikre at fisken ikkje rømmer frå anlegga. Det byrja med eit spesialtilpassa kurs for settefiskprodusentar på Gardermoen tidlegare i haust. Etter det vart det gjennomført tre kurs på Vestlandet, og dei siste dagane er det oppdrettarane i nord som har sete på skulebenken. Deler kunnskapar Are Kvistad i FHL er imponert over at kursa som er arrangert av FHL og delfinansiert av Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) har trekt så mange deltakarar. Han viser til eit stort engasjement og stor vilje til læring blant dei som deltek. -Deltakarane er engasjerte og veldig opptatt av å lære kva som har gått feil ved tidlegare rømmingstilfelle, seier Kvistad til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Han er også imponert over at aktørar som elles er konkurrentar viser stor vilje til å dele erfaringar og kunnskapar med kvarandre. Både tekniske og menneskelege feil Østen Jensen i Sintef Fiskeri og havbruk som er ein av innleiarane på kurset har gått igjennom og analysert fem ulike rømmingstilfeller og sett på kva som har skjedd. -Årsakssamanhengane er samansett, men det handlar både om menneskelege og tekniske feil, seier Kvistad. Tiltaka verkar FHL brukar også samlingane til å orientere om korleis organisasjonen arbeidar med rømmingsproblematikken. Det handlar om kva mål næringa har sett seg for å få ned rømmingstala og kva dei jobbar med i rømmingsutvalet og i rømmingskommisjonen. Kursa i rømmingssikring som har vore gjennomført denne hausten er berre eit ledd i arbeidet for å få ned talet på rømmingar og i fylgje Kvistad viser ei halvering av rømmingstala frå 2006 til 2007 og vidare nedgang første halvår i 2008 at tiltaka verkar. I tillegg til generell bevisstgjering og deltaking på denne typen kurs har næringa investert milliardar i nytt utstyr som skal vere med å hindre rømming.