Sigvald Rist

300 prosent auke etter re-design

Lofotprodukt AS endra varemerke i 2003. Etter fem år har selskapet auka volumet med 300 prosent.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Sist veke deltok dagleg leiar Sigvald Rist i Lofotprodukt AS på konferansen "Håp i Havet" på Noregs Fiskerihøgskule for å snakke om sine erfaringar med bruk av design og merkevarebygging som strategisk verkemiddel. Og for bedrifta som er etablert på Leknes i Lofoten har arbeidet gjeve svært så gode resultat. I 2003 endra selskapet varemerke frå "Lofot-Delikatesser" til "Lofoten" og tok i-bruk nytt design og ny innpakking. Etter tre månadar oppnådde dei ein auke i volum på 50 prosent. Fem år seinare har volumet auka med 300 prosent. -Det nye designe har gjeve oss svært god mottaking i handelen og blant forbrukarane og det har vore ein døropnar ved lansering i nye marknadar. Vi trudde jo at folk i regionen kjende produktet vårt, men det nye designe har faktisk medført ein stor auke i det lokale salet, sa Rist og la til at arbeidet også har auka fokuset på kvalitet hjå dei tilsette i selskapet. Høg kvalitet utan synlig design På førehand hadde selskapet fått gjennomført analysar som viste at dei fleste produkt i same kategori såg veldig like ut. Lofotprodukt AS satsar på god kvalitet med høgt innhald av råvarer i produkta. Dette kostar, og selskapet måtte finne ein måta å kommunisere ut kvifor konsumentane skulle betale meir for deira produkt enn for andre produkt i same kategori. -Det var ingen ting med det gamle designe som ”trigga” konsumentane sitt ønskje om å kjøpe våre fiskekaker. Vi måtte gjere det synleg for forbrukarane at dei får det beste ved å kjøpe våre produkt. Og så vil vi jo gjerne vere med dei heim fleire gongar, sa Rist med eit smil. Fleire prisar og store oppslag Det nye designe til Lofotprodukt har gjeve selskapet fleire prisar og store oppslag i mange ulike media. Dei har mellom anna mottatt Mattilsynet sin kvalitetspris og vunne gullmedalje i NM i kategorien for røykt og grava laks. Satsar også på "Spesialitet" Einerøkt laks og einerøkt aure med merkevara Lofoten er også godkjent med KLM Matmerk sitt "Spesialitet" merke. -Det gjer at vi får fram eit eksklusivt preg og vi sel mykje meir røykt laks og aure no enn for tre år sidan. Det er vanskeleg å vite om det er det nye designe eller "Spesialitet" merket som er viktigast. Men merkegodkjenninga er med å dokumentere produktet ovanfor forbrukarane og eg er heilt sikker på at det også har vore med å auke salet, seier Rist til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Les også

Med merkevara "Lofoten" og nye innpakningar har Lofotprodukt AS auka volumet med 300 prosent på fem år.
Lofoten