
3.8 millionar til Codlink
Torskenettverket Codlink har no fått 3.8 millionar kroner frå Innovasjon Noreg og Marint Verdiskapingsprogram. -Oppdrettarane har uttrykt behov for eit reint produsentnettverk, og desse midlane gjer at vi no kan komme igang for fult, seier prosjektleiar Lars Olav Sparboe til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I torskenettverket Codlink deltek 15 torskeoppdrettarar som representerar over 50 prosent av all torsk som vert sett i sjøen i 2007. Medlemmane i nettverket kjem frå heile strekninga av norskekysten der det vert produsert oppdrettstorsk. Målsettinga til nettverket er å auke kunnskapen om marknaden og redusere produksjonskostnadane gjennom samarbeid. -Her skal vi kople produksjonskunnskapar med marknadskunnskapar for å få eit produkt som konsumentane vil ha, seier Sparboe. Utanom fagsamlingar vil aktivitetane i nettverket vere benchmarking av produksjonsdata, systematisert overvaking av fiskehelse og systematisert testing av kvaliteten på den fisken som kjem ut i marknaden. Fagmiljø som deltek i nettverket er Biomar, Veterinærinstituttet, Fiskeriforsking, Havforskingsinstituttet og Akvaplan-niva AS.