39 misser jobben

Mangel på råstoff er hovudårsaka til at Salmar og Lerøy vil legge ned Uthaug lakseslakteri på Ørland, skriv adressa.no.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fleire av arbeiderane har sagt at dei vil pendle til Hitra eller Frøya for å arbeide på eit av slakteria til eigarane, dersom det let seg gjere. Dei tilsette ved anlegget vil også få tilbud om å overta dersom dei ønskjer det. Eigarane vil selge anlegget på Uthaug som består av slakteri og kaianlegg. Styreleiar Alf-Helge Aarskog håpar at nye eigarar  kan fortsette slakteriverksemda, men han utelukker ikkje at det må heilt ny verksemd til.