Øivind Torslett

40 år med forsking på Matre

Aqua Nor: Forskings-stasjonen på Matre i Hordaland vart etablert i 1971 og Havforskingsinstituttet kan feire 40 år med forsking i vestlandsbygda. Under Aqua Nor serverte dei jordbær og champagne for å markere jubileet.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Forskingsstasjonen på Matre i Hordaland vart etablert i 1971 og den første tida jobba dei tilsette på stasjonen med forsking for utvikling av  havbruksnæringa. Dei utvikla mellom anna ein metodikk for lysstyring som i dag vert nytta over heile verda. Problemstillingar knytt til pigmentering var også eit sentralt arbeidsfelt i den tida.

Men tidene har endra seg og no jobbar Havforskingsinstituttet meir for myndigheitene, noko som også påverkar aktiviteten på forskingsstasjonen på Matre. No er fiskehels, fiskevelferd og nye marine fôrressursar sentrale arbeidsområde for dei tilsette på stasjonen. I fylgje dagleg leiar Øivind Torslett er dette verdas mest moderne forskingsstasjon og dei har no fått nye fasilitetar som gjer det mogeleg å utføre mange ulike typar forsøk, eksempelvis uttesting av havforureining, for så å finne ut korleis dette påverka artar som sild, makrell og hummar.

Før var namnet Matre havbruksstasjon, men i 2004 vart dette endra til Forskingsstasjonen i Matre.  Forskingsdirektør Ole Arve Misund ved Havforskingsinstituttet (tv) og dagleg leiar Øivind Torslett ved Forskingsstasjonen i Matre feira med jordbær og Champagne.

Ole Arve Misund og Øivind Torslett

Foto:Kari Johanna Tveit