Ingvild Sørensen

4.8 millionar til Internship i Troms

Gjennom Internship har studentar ved Noregs Fiskerihøgskule fått praksis i næringslivet. Prosjektet har vore så velluka at det no er utvida til også å gjelde andre fakultet ved Universitetet i Tromsø.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Internshipordninga inneber at studentane får arbeid i relevant verksemd medan dei enno er studerar. Praksisperioden kan var frå tre til tolv månadar, og bedrifter i distriktskommunar kan få støtte for å ta imot studentane. Sidan pilotprosjektet har vore så velluka, er det no sett av 4.8 millionar kroner frå RDA til eit hovudprosjekt som også skal gjelde bedrifter utanom fiskeri- og havbruksnæringa.

Ingvild Sørensen har jobba som prosjektleiar for Internship dei siste åra, og ho er svært glad for at det no er sett av mildar til eit hovudprosjekt. -Fleire midlar gir oss sjansen til å ta med bedrifter og studentar frå andre fagområde, men eg vil oppfordre bedrifter i havbruksnæringa til å ta kontakt dersom dei har arbeidsoppgåver, eller mindre FOU -prosjekt dei ønskjer å få løyst, seier Sørensen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.

Les også:

Populær arbeidsplass for studentar