50 000 laks på rømmen
50 000 oppdrettslaks har rømt frå Sandvik i Erfjord, Suldal kommune. Det vert opna for eksrtraordinært fiske med garn i perioden 12 juli til 16 juli, melder Fylkesmannen i Rogaland
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Vedtaket Fylkesmannen opnar for fiske med flytegarn og botngarn etter rømt oppdrettslaks og regnbueaure i sjøen frå og med 12. juli 2005 til og med 16. juli 2005. Det blir ikkje krav om nedsenking av garn sett for fangst av rømt oppdrettfisk i den nemnte perioden. Opninga for dette fisket gjeld i følgande kommunar: Hjelmeland, Suldal og Finnøy. Vilkår for fisket: Fangstdel og eventuelle ledegarn skal ha ei maskevidde på minimum 39 mm (16 omfar) Reiskapen skal merkast med namn og adresse på fiskar Det er ikkje tillatt å fiske etter laksefisk med fastståande reiskap i fredningssoner/forbodssoner Fangsten skal straks etter avslutta fiske rapporterast til Fylkesmannen i Rogaland (Kjersti Myhre). Rapporten skal innehalde opplysningar om art, tal og vekt. Opplysningane kan sendast per brev, faks, e-post eller de kan ringe inn rapporten på telefon. Fiske med fastståande reidskap etter anadrom laksefisk må avklarast med grunneigar