7.706 tonn fersk laks i veke 2
Det rekordhøge salet av fersk laks fortsette. Samanlikna med 2003 auka eksporten med 2.204 tonn frå 5.502 tonn den andre veka i 2003 til 7.706 tonn andre veke i 2004, syner tal frå Eksportutvalget for fisk.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Samanlikna med veke 2 i 2003 auka esksporten av fersk laks til samtlege land utanom til Nederland og Sveits. Desse landa hadde ein liten nedgang. Houvdmottakarlanda for fersk rund laks frå Norge er Dannmark og Frankrike. Dannmark tok imot 1.539 tonn den andre veka i 2004. Andre veka i 2003 eksporterte vi 1.410 tonn til Dannmark. Til Frankrike eksporterte vi 1.291 tonn i veke 2 i 2004 mot 947 000 kilo i veke 2 i 2003. Eksporten av fersk laks til Japan gjekk opp til 536 000 kilo i veke to i 2004 mot 359 000 kilo i veke to i 2003. Pris fersk Gjennomsnittsprisen for eksportert fersk laks frå Norge i veke 2 i 2004 var 22.04 kr kiloet mot 23.17 i veke to i 2003. Samla går prisen ned i dei fleste land, men i Frankrike aukar den litt. Frosen rund laks Volumet av eksportert frosen laks går opp frå 511 000 kilo i veke to i 2003 til 614 000 kilo i veke to i 2004. Pris frosen Prisen for eksportert frosen laks går ned frå 24.96 kroner kiloet i veke to i 2003 til 22.82 kroner kiloet i veke to i 2004.